nyhende
Ønskjer å skapa meir livsglede for eldre
Ved årsskiftet tok Åshild Danielsen (37) pause frå heimesjukepleia i Sveio kommune, ein jobb ho hadde hatt i åtte år, for å gå over i ei prosjektstilling som aktivitetskoordinator innan pleie og omsorg.
– Ein viktig del av jobben min består i å skaffa frivillige som kan bidra til å gjera livet litt lettare og gladare for dei eldre i kommunen. Etter mange år i heimesjukepleia kjenner eg mange, dermed kjente eg litt til behova dei har då eg starta i jobben, fortel Åshild Danielsen som til dagleg er å treffa på Sveio omsorgssenter.
Ho starta like godt med å verva frivillige besøksvenner blant sin nære familie; no er både faren Arnfinn Hovland, ektemannen si bestemor, Gislaug Emberland, pluss hennar venninne, Alvhild Emberland, ført opp på lista som frivillige.
I tillegg til tett samarbeid med Sveio frivilligsentral, nyttar Danielsen alle dei kanalar ho kan, blant anna Sveio kommune sin aktivitetskalender.
Mange lyspunkt
Trass i ei krevjande tid med koronarestriksjonar, har frivillige klart å skapa mange lyspunkt for dei eldre.
– 18. april var Jorunn Fosse Aarsteinsen på besøk på Sveio omsorgssenter med tre alelam. Bebuarane likte veldig godt besøket. Dei mimra frå gamle dager då dei sjølve vaks opp på gard og deira minner med alelam. Lamma var mjuke og varme å klappa på, ikkje alle ønska ikkje å gje slepp, fortel Danielsen.
Ho nemner også «Vinduslykke» som blei oppretta som følgje av koronarestriksjonane. Fast kvar onsdag kjem Gjermundshaugen barnehage på besøk til omsorgssenteret. Borna oppheld seg i sansehagen, medan beburane både kan sjå og høyra dei små gjennom vindauga.
Etter nasjonaldagen var det minikonsert på huset. Då stilte familien Sandaker Borodovskaya opp og gav ein minikonsert for bebuarane på Sørbakken.
Klar for at ting skal skje
Danielsen medgir likevel at korona har sett ein stor brems for mange av aktivitetane, og ho opplever også at mange vegrar seg for binda seg til faste avtalar.
– No når dei eldre er fullvaksinerte, veit eg dei er veldig klare for at ting skal skje. Så har du lyst å bidra og hjelpa andre, men er redd for å binda deg, skal du ikkje vera redd for at det tek for mykje av tida di. Det treng ikkje vera noko meir enn ein avtale ein gong i månaden, forsikrar aktivitetskoordinatoren.
Sykkel-taxi
Andre måtar å gleda andre på, og samstundes få deg litt fysisk aktivitet, er sykkeltaxien som Sveio omsorgssenter disponerer. El-sykkelen har plass til to passasjerar.
– Me søkjer fleire frivillige sykkelsjåførar som kan ta bebuarar ved omsorgssenteret med ut på ein luftetur. Eller kanskje du som familie/pårørande ønskjer å sykla ein tur med den du ønskjer å besøka på omsorgssenteret? Opplæring på sykkelen vil bli gitt i forkant av utlån, opplyser den engasjerte aktivitetskoordinatoren.