nyhende
Ønsker fleire Sveio-bedrifter med på laget
Fleire tusen ungdommar i Vestland skal få sjansen til å skaffa seg verdifull arbeidserfaring gjennom kampanjen Sommarjobb i Vest. Sveibuen Kine Vikse, rådgivar i Framtidsfylket, oppmodar no lokale bedrifter til å satsa på ungdommen.
– Det er viktig at ungdom får prøve seg i arbeidslivet tidleg. Mange som får sommarjobb kjem tilbake seinare som jobbsøkjarar, og det kan vere ei god investering for framtida, seier Vikse.
Synleggjer jobbmoglegheiter
Framtidsfylket driv kampanjen på oppdrag frå Vestland fylkeskommune, NHO Vestland og Nav Vestland. Målet er å synleggjera kva jobbar som finst i kommunane og kopla dei unge med arbeidslivet.
– Mange ungdommar veit ikkje kva moglegheiter som finst i nærmiljøet. Særleg dei som studerer ein annan plass. For dei er det fint å veta kva arbeidsmarknad dei kjem heim til etter studiane, forklarar Vikse.
Kampanjen inkluderer ein eigen nettportal, sommarjobbivest.no, der bedriftane kan registrera ledige stillingar.
Vikse fortel at dei vil bruka sosiale media aktivt for å nå ungdommen. Samtidig vil Framtidsfylket jobba inn mot dei vidaregåande skulane i fylket slik at dei bidreg til kampanjen.
Oppmodar bedrifter i Sveio til å bidra
Ifølgje Perspektivmeldinga står 7.000 ungdommar i Vestland utanfor utdanning og arbeidsliv. Samstundes har det vore ein nedgang i talet bedrifter som tilset sommervikarar.
– Bedrifter i Sveio kan gjera ein stor skilnad ved å ta inn sommarvikarar. Det gir ungdom verdifull erfaring, og arbeidsgivarar kan oppdaga talent som kan bli viktige for verksemda seinare, seier Vikse.
Sveibuen håpar no at fleire lokale bedriftar ser verdien av å gi unge ein sjanse til å prøve seg i arbeidslivet.