nyhende

To vener leikar saman i barnehagen. Kunnskapsdepartementet ønsker å gjera endringar i barnehagesektoren. Mellom anna ønsker dei at kommunane skal ha ein meir aktiv politikk
To vener leikar saman i barnehagen. Kunnskapsdepartementet ønsker å gjera endringar i barnehagesektoren. Mellom anna ønsker dei at kommunane skal ha ein meir aktiv politikk

Ønsker å endra barnehagelova: – Lovverket er ikkje sterkt nok

Kunnskapsdepartementet føreslår å endra reglane for finansiering og styring i barnehagesektoren. Mellom anna vil dei at kommunane skal få meir påverknad på lokal barnehagestruktur.

Publisert Sist oppdatert

– I dag har me eit nasjonalt regelverk som gjer at alle private og kommunale barnehagar automatisk får det same tilskotet. Det blir ikkje teke omsyn til kor store barnehagane er, kor dei ligg i kommunen eller kva for behov dei ulike barnegruppene har, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Synnøve Mjeldheim Skaar til Nynorsk pressekontor.

Men planverket er 20 år gammalt. Endringane skal gjera at mellom anna tilskotsutrekninga skal bli meir finmaska i forhold til kva barnehagen tilbyr, seier Skaar. Høyringsfristen er 1. februar.

Likt tilskot til same tid

Departementet føreslår å gje kommunane større rom til å bestemma sjølve. Det vil likevel vera tydelege nasjonale reglar for korleis mellom anna driftstilskot skal reknast ut, men det må vera likt.

– I dag får dei private barnehagane det same tilskotet per barn som kommunale barnehagar. Dersom ein kommune gjev meir pengar til nokre kommunale barnehagar for at dei skal gjennomføra ei særskild satsing, for eksempel styrkt bemanning i eit levekårsutsett område, aukar tilskotet til alle dei private barnehagane òg.

Men kommunen kan heller ikkje pålegga dei private barnehagane å delta i satsinga.

– Ei anna utfordring med dagens system er at private barnehagar som ønsker å delta i slike satsingar, ikkje får pengane som skal finansiera satsinga før to år etterpå, seier statssekretæren.

Ønsker å styrka lovverket

I forslaget vil private barnehagar framleis ha rett til tilskot, og dei vil framleis kunna ta ut utbyte.

– Me føreslår at krava til tilskot blir strengare i tråd med sunn fornuft. Ein barnehage kan for eksempel kjøpa seg ein firmabil, men dei treng ikkje å kjøpa ein Porsche. Me har òg sett eksempel på barnehagar som kjøper seg hytter. Lovverket er ikkje sterkt nok, og det er der kjernen til problemet ligg, seier Skaar.

Skal lytta til fagfolk

– Kommunane får moglegheita til å følgja opp og gje kvalitetskrav. Kommunen skal for eksempel kunna stilla krav om meir bemanning, både i private og kommunale barnehagar.

Samtidig understrekar Skaar det ikkje er kommunen som skal gå inn og detaljstyra.

– Me har fagarbeidarar i barnehagane som formar ut det daglege innhaldet på same måte som lærarar i skulen. Det er dei gode til.

– Viktig at tilbodet finst

Departementet vil legga til rette for langsiktig planlegging for å kunna handtera periodar der barnetalet går ned. Kommunane må derfor venta og sjå kva for nokre barnehagar som får nok søkarar frå år til år.

– I ein del større distriktskommunar er det typisk at private barnehagar etablerer seg i kommunesenteret. Dei barnehagane som ligg meir grisgrendt til er ofte kommunale. Ein del av dei tinga som kommunane skal vurdera er om barnehagane har lågare tal enn det som er økonomisk fornuftig. Samtidig er det viktig at tilbodet finst for foreldre som må koma seg på jobb.

Departementet føreslår at kommunane skal kunna endra talet på plassar kvart 10. år i heile eller delar av kommunen når kapasiteten blir for stor. Målet er å styrka den lokale kvaliteten på tilbodet.

Powered by Labrador CMS