nyhende

Ompa og oktoberfest

Laurdag vart det for første gong arrangert oktoberfest på Kaien i Førde. Etter stemninga å dømme, skal du ikkje sjå vekk ifrå at dette kan bli ein ny årleg tradisjon.

Publisert Sist oppdatert

Selskapslokalet Kaien i Førde er nok allereie godt kjend for mange. Peter Jepsen, dagleg leiar i Catering Spesialisten AS, eig og driv Kaien. Sidan opninga i 2012 har det vore mange både store og små arrangement her, alt frå middagsselskap og quizturnering, til konsertar og festivalar.

I år ville Jepsen prøve noko nytt. Han fekk med seg Trond Halleraker frå Førde Event, som leiger ut lys- og lydanlegg for ulike arrangement, og saman bestemte dei seg for å invitere til oktoberfest på Kaien i Førde.

Dei kunne skilte med tradisjonell mat, god drikke, oktoberquiz og konsert med storbandet OmpaGirls. Dette skulle vise seg å vere eit godt val. Alle dei 130 billettane vart selde før festen starta.

Tysk festival

Oktoberfest er opphavleg ein stor folkefest i München i Tyskland, og vert rekna som verdas største ølfestival. Omgrepet oktoberfest vert derimot også nytta om mindre arrangement rundt om i verda som er inspirerte av den originale festivalen. Her er øl ein sentral del av feiringa, og mange kler seg i antrekk som lederhosen (korte lêrbukser) eller dirndl (ei bunadsliknande kjoledrakt), eller noko som liknar. Ompa-musikk og tyske drikkesongar er også ein viktig del av opplevinga.

Kveldens meny var inspirert av tyske mattradisjonar: svineknoke med bratwurst og surkål. Og eit lite glas pils eller fire. Diana Beshyr (t.v.) og Ingelin Ottesen sørga for god service og nøgde gjester.

På oktoberfesten på Kaien var det tydeleg at mange hadde lagd mykje og god innsats i å fremje den rette oktoberfest-stemninga. Ein imponerande stor del av gjestene valde å kle seg i tradisjonelle oktoberfest-klede. Noko som bidrog til ei positivt uhøgtidleg stemning der latteren sat laust. Dekorasjonane i lokalet var også med på å løfte stemninga. I baren kunne ein få servert middag med svineknoke, bratwurst og surkål, og drikke i literglas.

Etter maten var det klart for quiz. Quizmeister Ole Jacob Ravn Ottesen presenterte ein utfordrande quiz, der hovudtema var oktober. 6 lag var med på å konkurrere om førstepremien: gratis billettar til neste års oktoberfest.

Ompa til du dør

Kveldens høgdepunkt var likevel konserten med storbandet OmpaGirls. Bandet leverte både tradisjonelle drikkesongar og poplåtar med eigen vri, med sine raude hattar og arsenal av blåseinstrument. Det gjekk ikkje mange augneblikka før dansegolvet var fylt opp av fargerike kjolar og lêrbukser.

Det var mange som fann fram dansefoten til OmpaGirls sine fengjande tonar på Kaien i Førde denne laurdagskvelden.

OmpaGirls vart starta i 2014, og dei legg alle vekt på at det er det gode miljøet og dei positive vibbane i bandet som gjer at dei framleis har det storvegs kvar gong dei spelar i lag. Det i alt fjorten musikar store bandet har base her i distriktet, og sjølv om bandet opphavleg vart skipa som eit jenteband, er det per no tre menn med. Dei tre kunne derimot fortelje at dei føler seg som ein del av gjengen, og at det ikkje gjekk lang tid før dei alle hadde «synkronisert syklus».

Og medan ompa-musikken og dansinga haldt fram inn i dei seine nattetimar, var i alle fall ein ting sikker: det blir ny oktoberfest på Kaien til neste år!

Så då er det berre å lufte dirndl-en og stryke lêrbuksene. Eins, Zwei, G’Suffa!

Powered by Labrador CMS