nyhende

For andre gong har Olve Grønås Birkeland skote seg til gullmedalje i Nordisk meisterskap i skyting. Nå har han topplassering i både bane- og feltskyting.
For andre gong har Olve Grønås Birkeland skote seg til gullmedalje i Nordisk meisterskap i skyting. Nå har han topplassering i både bane- og feltskyting.

Olve (18) er beste ungdom innan feltskyting i Norden

Den ferske gullmedaljen bidrar til auka motivasjon for Olve Grønås Birkeland, som i sist veke deltok i Nordisk meisterskap i skyting i Danmark.

Publisert Sist oppdatert

Som einaste skyttar frå Haugesund og Sveio skyttarlag reiste Olve Grønås Birkeland til Danmark for å kjempa om gode plasseringar i ungdomsklassane. I kvar klasse stilte dei fem beste ungdomane frå Noreg, Sverige og Danmark. For Noreg vil det seia ungdom inntil 20 år, medan nabolanda stiller med ungdom inntil 25 år. Birkeland var med i tre konkurransar; bane-, felt-, og lagskyting.

Konkurransen i helga viste seg å gi god utteljing for skarpskyttaren, som trefte 39 av 42 moglege i feltskyting. Det stod til gullmedalje, og dermed beste ungdom i kategorien.

Motivasjon

– Eg vart utruleg glad, det var kjekt å kapra med seg ein medalje heim. Det hjelper veldig mykje på motivasjonen for trening framover, neste nordisk, og ikkje minst Landsskytterstevnet (NM), seier ein stolt Birkeland på telefon til Vestavind.

Han er tilbake til kvardagen og skulebenken på HTG, der han har skyting som toppidrett. Kombinasjonen med utdanning og hobby er fin.

– Då er det skyting og skule i same slengen. Då slepp eg å bruka så utruleg mykje av fritida mi på skyting, seier Birkeland, som nett har starta på Vg3.

Gull i lagskyting

Det passa han godt å vinna gullmedalje i felt i år, sidan han som 16-åring vann gull i baneskyting førre gong det var Nordisk, då som den yngste skyttaren som hadde skote seg til det edlaste metallet. I år kom 18-åringen frå Sveio på 4. plass i denne greina.

I tillegg til individuelle tevlingar, var han også med lagkonkurranse, der dei fem beste frå kvart land utgjer sin nasjon. Noreg vann gull på både bane- og feltskyting, der Birkeland sjølvsagt stod for sin del av treffa.

Napp i pokal

– Noreg er utruleg gode på bane, og pleier som regel å vinna gull der. Me har gode feltskyttarar også, men Danmark og Sverige har gjort store ting på felten i det siste, oppsummerer den skyttarglade ungdomen.

Når resultata for helga var summerte, viste det seg også at den unge skyttaren hadde fått «napp» i ein vandrepokal.

– Får eg tre napp, får eg den med meg heim, seier den glade skyttaren, som har fått mange gratulasjonar frå familie og venner etter den gullfine helga.

Powered by Labrador CMS