nyhende
– Oldemor var også jordmor
Ragnhild Elise Lysen har tatt imot born på dei utrulegaste stader; i sjukebil, i resepsjonen på sjukehuset, og heime i stova til folk. I 2001, etter 13 år i to bolkar på Haugesund sjukehus, byrja ho som jordmor og helsesøster i Sveio. Frå 1. oktober i år gjekk ho over i pensjonistane sine rekkjer, og er no klar for ein ny epoke i livet sitt.
– Eg har hatt verdas beste yrke. Eg tykkjer alle ungar er like fantastiske, og noko av det flottaste med å vera jordmor, både når eg har jobba på sjukehuset og i svangerskapsomsorga, er at kvar unge er eit heilt nytt menneske som skal leva i 80 år og kanskje meir. At starten må bli best mogleg slik at desse nyfødde skal få eit godt liv, det er noko av det viktigaste eg har tenkt på i jobben, fastslår Ragnhild Lysen.
Ho er gift med ein lege, har fem barn og ventar sitt åttande barnebarn.
Oldemor Mina
Ho vurderte å bli lærar eller sjukepleiar, men landa på sjukepleiarskulen.
– Kva var det som fekk deg til å søkja jordmorutdanninga?
– Etter nokre praksisår ved Johannes menighet i Bergen, tok eg jordmorutdanning på Haukeland. Det var nok litt på grunn av oldemor mi, Mina Reidarson frå Aase i Sveio, som også var jordmor. Då eg var liten budde ho på loftet hos oss på Lokna, og ho fortalde meg mykje om arbeidet sitt. I oppveksten var eg også med og såg på når sauene lemma heime på Lokna, noko eg tykte var heilt fantastisk.
– At eg også skulle kombinera jordmoryrket med helsesøster, fekk eg augo opp for då eg var utplassert på helsestasjonen på Fitjar. Der jobba eg ilag med ei som var kombinert jordmor og helsesøster, og ho blei eit førebilete for meg. Det ville eg også bli!
Samlivsundervisning
Ferdig utdanna bar det etter kvart til Haugesund, og i 1987 heim til Sveio. Frå 1997 var Lysen på fødeavdelinga i Haugesund. Ei tid kjøpte Sveio kommune jordmortenester av sjukehuset, og ho fekk ein arbeidsdag i veka i heimkommunen.
Frå 2001 byrja ho som jordmor og helsesøster i Sveio. Arbeidet var variert og omfatta også samlivsundervisning på ungdomsskulane.
– Opplegget gjekk over to dagar, me var tre personar, ein humanetikar, ein prest og meg sjølv som jordmor/helsesøster. Det var kjempekjekt. Me fekk mange vettuge spørsmål og nokre som var formulerte slik at det var tydeleg at dei unge ville prøva oss ut. Sjølv er eg ikkje redd for å seia ting, difor blei dei meir flaue enn eg. Etter ein slik time fekk eg ein god replikk frå uventa hald frå eleven som ikkje hadde sagt eit ord før han passerte meg på veg ut: «I dag har eg lært mykje!» Berre det at han sa det, og at det kom frå ein som vanlegvis ikkje sa så mykje, var spesielt. Det er ein av dei gode replikkane eg har fått.
Historier frå eit jordmorliv er mange, og som kjent kan det skje ting på fødestova før nokon får sukk for seg, alltid med store variasjonar i forløpet. Av og til brutalt.
– Det er nifst når hovudet kjem ut og babyen set seg fast i skuldrene, då er minuttane lange som år. Eg har også teke imot born som har vore livlause ved fødselen, og som har døydd rett etterpå. Slike ting er forferdeleg og eg gløymer det aldri, seier jordmora stille.
Minne frå fødestova
Som mangeårig jordmor minnast ho også mange episodar som har vore heilt spesielle, av det meir morosame slaget. Det kan lett oppstå komiske situasjonar i eit fortetta drama som ein fødsel kan vera.
– «Det kjem ein til!», utbraut ein forfjamsa pappa. Kona vart heilt ifrå seg, men det var altså berre morkaka.
Ved eitt anna tilfelle hadde den fødande med seg mannen sin, søstera og kjærasten til søstera, mora og stefaren. Sistnemnde, som var iført varme arbeidskler, stilte seg på ein stol for å filma seansen. Mens den fødande er i fødsel, ber jordmora han roleg og effektiv å ta av seg litt kler.
Då får ho eit tørt svar tilbake: – «Ingen kvinnfolk får kleda av meg utan at eg vil!»
– Han måtte til pers til slutt, ler Lysen som også har opplevd at menn har blitt sinte: – «Nå må du sjå til å få den ungen ut, ikkje berre stå der!»
– Ein annan gong då eg undersøkte ei fødande, og det var bra opning, stakk ungen handa ut og kneip meg i fingeren. Det spesielle med at eg fekk helsa på babyen før han var fødd var heilt spesielt og rørande.
Givande jobb
Ho tykkjer også det har vore svært givande å jobba med svangerskapsomsorg.
Som jordmor snakka eg blant anna med dei som var usikre; det kan vera ein del som kvir seg til fødselen, eller at dei har opplevd svangerskapsdepresjon tidlegare. I slike tilfelle er det kjempeviktig å ta tak i desse problema medan dei er gravide, poengterer Lysen som no har fått sin etterfølgjar i Annett Semb Helvik. Samstundes har jordmorstillinga blitt auka frå 50 til 80 prosent.
– Stadig fleire velgjer å gå til jordmor, og det er grunnen til at me har fått utvida tilbodet til kvinner i Sveio, noko som er heilt supert, avsluttar ho.