NPK-NTB/VESTAVIND: – No er det på høg tid at pioneroljearbeidarane får ein kompensasjon frå dei norske oljepengane. Vi arbeidarane ofra liv og helse medan Noreg tileigna seg den store oljeformuen, seier Anders Helliksen, overlevande og nestleiar i Kielland-nettverket i ei pressemelding.
123 menneske omkom og 89 vart redda då bustadplattforma «Alexander L. Kielland» kantra i Nordsjøen 27. mars 1980.
Tre av dei omkomne var heimehøyrande i Sveio.
Torsdag overleverte Kielland-nettverket, som er medlemsforeininga for overlevande og etterlatne, kravet sitt til statsministeren om å få kompensasjon etter ulykka lik den pionerdykkarane i Nordsjøen fekk.
– Ikkje nok med ei unnskyldning
Kielland-nettverket får hjelp av Eva Joly og Sands advokatfirma. Ifølgje Stavanger Aftenblad meiner Joly og advokatfirmaet at kompensasjonsordningane som vart etablerte i pionerdykkarsaka, med inntil 60 G (knappe 6,7 millionar kroner) i individuell kompensasjon, bør vere styrande for nivåa som skal utbetalast til dei ramma.
Viss dei blir høyrde kan den samla kompensasjonen anslagsvis totalt bli på 1,4 milliardar kroner.
– Det er ikkje nok med ei unnskyldning. Det må opprettast ei kompensasjonsordning som reparerer all elende og fattigdom som dette har medført. Etterlatne har vakse opp utan far, utan pengar, utan pengar til skiutstyr eller pålegg på brødet. Det kan staten faktisk reparere, seier Joly til Aftenbladet.
Avviste ny gransking
Nettverket har tidlegare jobba for ei ny offentleg gransking av Kielland-ulykka. Dette vart avvist av Riksrevisjonen i fjor.
Riksrevisjonen kritiserte likevel staten for manglande oppfølging for etterlatne og overlevande.