nyhende
Oddrun har opna døra til den mørkaste delen av psykiatrien – den sinnssjuke behandlinga av dei svake
Ein kan nesten bli litt overtruisk av å høyra korleis og kvifor det vart bok om den mørkaste delen i historia om norsk psykiatri. Om alle dei åra unge og vaksne norske kvinner, og nokre menn, som ikkje var heilt som alle andre, vart lobotomerte.
– Dette er ikkje løgn eingong, seier forfattar Oddrun Midtbø. Ho er attende i 2022, saman med søstrene sine i barndomsheimen i Høyheimsvik i Sogn. Mor deira hadde gått bort og søstrene går gjennom ulike papir, både brev og dokument etter begge foreldra.
Dei brukar ei makuleringsmaskin, som brått går i stå. Resten av dokumenta vert med ei av søstrene heim til sjekk før dei skal brennast. Det viser seg at eitt av dei første breva som ikkje gjekk i makuleringsmaskina, var eit brev til far deira – frå Valen – eit psykiatrisk i sjukehus i Kvinnherad. Ho startar der – historia om dei lobotomerte.
– Hadde makuleringsmaskina verka ein minutt til, hadde dette brevet vore borte, og det hadde neppe vorte bok, seier Midtbø.
Bokbada i hovudstaden
Me møter forfattaren frå Indre Sogn i Nynorsk bokhandel midt i hovudstaden. Framfor rundt 20 frammøtte, det er ikkje plass til stort fleire, blir ho bokbada av vossingen Kjartan Helleve om si andre bok. Den første handlar om Harastølen, ein tidlegare psykiatrisk sjukeheim i Luster, der far hennar, som kom frå Hardanger jobba i mange år.
– Då eg skreiv boka om Harastølen dukka dette med Valen og all lobotomeringa som skjedde der opp. Og her dukka det altså opp eit brev nettopp frå Valen, gjett om eg vart nysgjerrig, fortel Midtbø. Brevet handla om ein ukjend slektning, med eit heilt anna etternamn. Oddrun ringde til fleire slektningar i Hardanger og spurde om dei kjende til ei dame som heitte Julianne Marie Tvedt. Berre ein av dei hadde høyrt om ein slektning som «visstnok var lagt inn på Valen». Det var altså grandtanta til Oddrun.
I brevet gjekk det fram at far hennar og søskena hadde arva 12.000 kroner etter henne. Men ho var samstundes skuldig staten heile 214.863 kroner. Årsak: ho hadde budd på Valen i 60 år.
Dette brevet starta alt
– 23 år gammal vart Julianne lagt inn som sinnssjuk. Dette kveite interessa mi for dette bokprosjektet. Kven var ho, og kvifor budde ho der så lenge? Så viser det seg at ho var der, på Valen psykiatriske sjukehus heilt til ho døydde 86 år gammal, fortel Oddrun om den fjerne slektningen.
I tida som er gått sidan brevet vart funne har forfattaren – og journalisten – brukt svært mykje tid og ressursar på å få innsyn i journalen til Julianne. Det er 58 år frå hennar liv dette handlar om, kva liv hadde ho? Vart ho lobotomert? Jakta på dette er som ei bok i hennar nye bok og enno har ho ikkje fått innsyn.
– Kven er det dei vernar? Ho som vart lagd inn som sinnssjuk, 23 år gammal, og som måtte som bu der heilt til ho døydde? Eller overlegane, som hadde alle makta i gangane der. Eg får jo nei, nei, nei frå Helsearkivet, fortel Oddrun Midtbø.
Det mørkaste …
I « Lobotomert» opnar Oddrun Midtbø ei dør inn til det mørkaste kapittelet i behandlinga av personar som var psykisk sjuke, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet vårt.
– Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, unge som vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor heldt legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisin var kome på marknaden? spør Oddrun om denne perioden som varte frå 1941 og heilt fram til 1974.
Mannen bak metoden, portugisiske Egaz Moniz, fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk livet sitt øydelagt etter inngrepet. I boka kan du lesa meir om lobotomistane, både internasjonale og nasjonale, om overlegane som nekta å utføra det media hausa opp som «mirakelkur», om dei lobotomerte som fortel om kva dei opplevde, både kjende og ukjende, om pårørande som fekk heim ein person dei ikkje kjende att og ikkje minst om varslarane, dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte.
Illustrasjonane
Oddrun Midtbø går ikkje berre djupt inn i historia om lobotomering og dei lobotomerte, ho jaktar også på innsyn i kva liv slektningen hennar levde på Valen. Og så har ho sjølv illustrert boka med mange teikningar.
– Eg likar å teikna, så eg har teikna folk. Det er berre to teikningar i boka eg ikkje har teikna sjølv, og det er av ein som var lobotomert, som er frå Sunnfjord og som skreiv om historia si sjølv. Tenk kor viktig det er at nokre av offera har tort å vera synlege. Og kor viktig det var med dei som stod imot. Det var jo ikkje alle legar og overlegar som ville lobotomere, noko som kunne øydeleggja karrieren deira, seier Oddrun Midtbø.
Kritisk til media
Ho har fått mange tilbakemeldingar og reaksjonar – særleg frå folk som har slektningar som vart lobotomerte.
– Det er ikkje så lenge sidan 1974, sukkar ho …
Journalisten Midtbø er også kritisk til måten norsk media dekte dette med lobotomering på i mange år.
– Det vart laga titlar som «Mirakelkur». Media var så servile og skreiv berre det fagfolk ville dei skulla skriva, seier Oddrun Midtbø.
Men kva no – blir det fleire bøker?
Oddrun dreg litt på det, ho har ikkje heilt bestemt seg, men ho har ikkje lyst til å avslutte jakta på innsyn i journalen til slektningen Julianne om hennar 58 år lange liv på Valen.
Så langt har ho fått fire – 4 – avslag. Det siste grunngjeve med at Oddrun sjølv berre var 14 år det året Julianne døydde…