nyhende

Oda (26) lagar turutstyr – testa nytt produkt på Hopsfjellet

Med felles kjærleik til skog, fjell og frisk luft, har Oda Ramsdal (26) i lag med to friluftsliventusiastar utvikla si eiga hengekøye, utvikla og produsert i Noreg. Fokus har vore smarte løysingar, låg vekt og robust kvalitet.

Publisert Sist oppdatert

Då korona-pandemien og heimekontor tok over Noreg fekk Hans Christian Berg frå Jar låna symaskinen til svigermor si, med eit mål om å laga drøymehengekøya. Heilt frå starten var fokuset på smarte løysingar han sjølv sakna på dagens marknad. Saman med bodøværingen Frederik Hillestad og heiarop frå vener og bekjente, kom idéen om å ta dette eit steg vidare. Det er her ei Sveio-jente kom inn i biletet.

Drøymeprosjekt

– Det var heilt uverkeleg å få tilbod om både drøymejobben og hengekøya i eitt. Saman etablerte me verksemda Bark med eit mål om å utvikla og produsera turutstyr, laga av og for friluftsliventusiastar, fortel Oda Ramsdal, oppvaksen på Liereid, no busett i Oslo.

I juleferien tok Oda Ramsdal med seg BARK-køya opp til Hopsfjellet for overnatting.

26-åringen trivst best ute på tur, helst i dårleg vêr, saman med ein heil haug hundar. Ho har bachelor i grafisk design og solid erfaring med utvikling av branding og visuelle konsepter.

Etter månadar med research, metervis med tekstilar, tau og tråd, står Bark-teamet att med ei hengekøye som svarar til deira eigne krav til kvalitet, utsjåande og funksjonalitet.

Lett og solid

Køya er lett å ha med seg i sekken, er laga med solide materialar, og er i tillegg både utvikla og produsert i Noreg.

– Det siste har vore like viktig for oss som sjølve kvaliteten på køya. Det finst nok av hengekøyer som er masseproduserte for å fylla etterspurnaden i marknaden. Dette er noko me i Bark bevisst tek avstand frå. I staden ønskjer me å støtta lokal arbeidskraft, småskala produksjon med lite overskotsmateriale, og dersom uhellet er ute ønskjer me å tilby reparasjon framfor bruk og kast, fortel Ramsdal.

Eit par køyer er alt seld, og lansering av nettbutikk er like om hjørnet.

– Utruleg morosamt når noko du har jobba så lenge og hardt med vert møtt med stor interesse og engasjement, seier Ramsdal entusiastisk.

– Akkurat no gler me oss veldig til å dela «Bark Køya» med resten av verda, og me håpar at enda fleire vil få moglegheiter til å oppleva ei natt under stjernehimmelen! seier f.v. Frederik Hillestad, Hans Christian Berg og Oda Ramsdal.
Powered by Labrador CMS