nyhende
O-løp i Auklandshamn
Førstkomande laurdag kjem o-løparar frå heile Vestlandet til Auklandshamn for å delta i Sveio O-lag sitt store stemne, fortel Thomas Førde i ei pressemelding.
Nær 200 o-løparar er påmelde. I tillegg er det høve for alle som vil prøva o-sporten denne dagen til å melda seg direkte ved samlingsplassen på Auklandshamn skule. Det er snart elleve år sidan eit så stort o-løp blei arrangert i Sveio.
Åtte løyper
Eldsjelene i Sveio O-lag har laga i alt åtte ulike løyper. Dermed vil alle finna ei løype som passar til kvar einskild sine ambisjonar, kunnskapar og erfaringar. Under arrangementet blir det tilbod også til dei som aldri har prøvd o-løp tidlegare.
Gjennom hausten og vinteren har Sveio O-lag sytt for at det er blitt konstruert eit heilt nytt o-kart i terrenget sør for skulen i Auklandshamn. Nå skal dette nye anlegget for o-sporten takast i bruk for første gong.
Tre klubbar samarbeider
Tre klubbar går saman om å arrangera Vestlandspremieren med tre konkurransar i løpet like mange dagar, 5. 6. og 7. april. I løpet av denne helga blir det mellom 400 og 500 startar i o-løypene i tre ulike kommunar i Sunnhordland.
– Deltakarane, som hovudsakleg kjem frå Rogaland og Hordaland, gjer Vestlandspremieren til den største mønstringa av o-løparar på mange år i vår region, fortel Førde mellom anna.
Bømlo, Sveio og Stord
Premierehelga startar fredagskvelden 5. april med Bømlo IL som arrangør av Skumringssprinten. Laurdag inviterer Sveio O-lag til mellomdistanse-orientering i Auklandshamn. I løpet av vinteren har Sveio O-lag fått synfart det aktuelle løpsterrenget på ny, slik deltakarane får prøva seg med eit nytt kart i hand.
Vestlandspremieren blir avslutta søndag 7. april på Stord, der Stord Orientering innbyr til langdistanse-orientering i området nær Fjellgardane bygdehus.