nyhende

Mange stader i Sør-Noreg skal det meldt regn og sludd på nyttårsaftan. Dermed kan det bli vanskeleg å få med seg all fyrverkeriet som blir skote opp. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Mange stader i Sør-Noreg skal det meldt regn og sludd på nyttårsaftan. Dermed kan det bli vanskeleg å få med seg all fyrverkeriet som blir skote opp.

Nyttårsvêret: – Det ser dystert ut for Sør-Noreg

Det gjeld å nyta dagen i dag. Allereie rundt lunsjtider tysdag ser det ut til at nedbøren kjem sigande. Om du er i Sør-Noreg når 2026 blir ringt inn, er det ikkje sikkert du får sett noko særleg til fyrverkeri og rakettar.

– Det ser dystert ut for Sør-Noreg, seier statsmeteorolog Magnus Ovhed ved Meteorologisk institutt til NTB.

Eit lågtrykk gjer at temperaturane blir på rundt 0 grader fleire stader – og endå litt varmare i kyststrøk, ifølgje han.

I Oslo kan det komma snø, men i kystbyane Bergen, Stavanger, Kristiansand og Ålesund kan ein venta seg regn på den store festkvelden.I desse fire byane blir det rundt 4 til 6 grader, regn og surt.

Sludd og regn i Sveio

For Sveio meldes det rundt 2 grader, sludd og regn frå lunsjtider tysdag. Det er venta ein del nedbør utover natt til nyttårsaftan, med litt lettare vêr på føremiddagen året siste dag. Temperaturen er venta å stiga frå 3 til 5 grader sjølve nyttårskvelden, og det ser dessverre ut at at det blir ein våt nyttårskveld og første natt i det nye året.

I løpet av 1. nyttårsdag snur vinden på nord, og den første veka i det nye året byr på minusgrader og kanskje litt snø.

Best vêr i nord

Er du derimot i Noreg-Noreg nyttårsaftan, er sjansen langt større for at du kan sjå både fyrverkeri, rakettar, lasershow eller kva enn himmelen blir pryda med på den siste dagen i året.

– Gleda kjem lenger nord, i både Nordland, Troms og Finnmark.

Det står svak vind, lett bris og minusgrader på vêrmenyen i fleire av byane i nord.

I Bodø er det meldt rundt 3 minusgrader og vind frå aust. Seint på kvelden kan vindkasta komma opp i 10 meter i sekundet.

Det blir endå kaldare i Tromsø og Alta, der det begge plassar er meldt 9 minusgrader og svak vind med vindkast opp til 5 meter i sekundet.

Kan komma snø

I store delar av særleg Sør-Noreg har snøen late venta på seg så langt i år.

Det kan endra seg over nyåret, anslår statsmeteorologen.

– Etter nyttår kan det komma kaldluft og snømengder i indre og høgare strøk.

Ovhed seier at det dei neste dagane kan komma snø i fjellet og i strøk som ligg langt frå kysten.

Powered by Labrador CMS