nyhende
Nytt tilbod har utstyr til kanoturar like i vasskanten
Naturen er for alle, men det våte element er ikkje like tilgjengeleg for dei utan farkost. Utstyr kostar, men ei ny ordning gjer at du med nokre få klikk kan leiga både kano, årar og flytevestar til ein rimeleg penge. Alt utstyret står klart ved rasteplassen ved Vigdarvatnet.
Det er Frilager Haugalandet som har lagt ut åtte kanoar og sett opp ei utstyrsbod ved Vigdarvatnet. Kanoane er låste, utstyrsboda med assorterte flytevestar, redningsvestar og årar like så. For å få koden som låser opp alt, må ein leiga ein kano, anten for ein halv eller heil dag. Dagsleiga er 100 kroner, då får ein henta seg tre vestar og tre årar i boda.
– Det er dyrt med friluftsutstyr. Me jobbar for inkludering og gode opplevingar i naturen, seier Lene Solstad Apeland.
Populært tilbod
Ho blei tilsett som dagleg leiar 1. mai i år, og er einaste tilsette i den frivillige organisasjonen, stifta og drifta av Haugesund turistforening, Haugesund Røde Kors og Friluftsrådet Vest.
Tremanns-farkostane blei lagt ut i juni, men sesongen er frå mai til ut september.
– Det er veldig lett å låna. På frilager.no lagar seg ein brukar, sjekkar tilgjengelegheit i kalendaren. Ein kan og bestilla fram tid, forklarar Apeland.
I tillegg til eit forklarande skilt på staden, har Frilageret sitt tilbod blitt marknadsført i sosiale medium.
– Det har vore stor aktivitet rundt på alle aktivitetsstadane. Vigdarvatnet har vore populært. Me ser føre oss å leggja ut kanoane år etter år, om interessa er der, seier Apeland.
Henteboder
Forhåpentlegvis er det ikkje berre kanoar som kan lånast for ein billig penge i framtida, for føremålet til Frilager Haugalandet er å vera ein utlånssentral av friluftsutstyr.
– Me jobbar mot at det skal vera henteboder i distrikta, som kan fyllast opp med relevant turutstyr, slik som soveposar, telt, primus, ullklede og liknande. Tilbodet er til kommunar, skuleklassar, lag og foreiningar, bedriftar, men også privatpersonar som ikkje kan, eller ønskjer å kjøpa kostbart utstyr dei har lite bruk for, forklarar Apeland.
Eit nettlager er under opparbeiding i Aksdal, her vil alt utstyret oppbevarast og vedlikehaldast. Kommunane som blir med på Frilager vil få henteboder i sin kommune, slik at folk kan henta utstyr i nærleiken.
For framtida til Frilager Haugalandet er det viktig at kommunane gir klart signal om at dei ønskjer slike boder, då i form at pengestønad.
Tar i mot utstyr
– Me håpar at kommunane ser verdien av Frilager og er med og sponsar. Alle får noko tilbake, lovar Apeland, som legg til at rådmannen i Sveio har motteke søknad frå organisasjonen.
Dersom ein organisasjon har lyst til å bli medlem av Frilager er det også mogleg.
– Ein kan då legga inn utstyr hos oss, og låna eige utstyr gratis, og andre kan låna det når det ikkje er i bruk. Til gjengjeld blir utstyret halde ved like, vaska og pakka klart til neste gong du treng det, seier Apeland.