nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.
Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.

Nytt smittetilfelle i Sveio

Det er no stadfesta at ein vaksen person i Sveio er smitta av korona. Smittesporing pågår for fullt. Vedkommande har ikkje vore på ferie i utlandet, opplyser Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg.

Publisert Sist oppdatert

Viktig å hindra smittespreiing

Her er Folkehelseinstituttet sine råd for å bremsa utbreiinga av korona:

  • God hand- og hostehygiene.
  • Du og dine næraste kan omgåast normalt.
  • Hald auka avstand til andre enn dine næraste, minst 1 meter.
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halda deg heime.
  • Har du symptom på covid-19, bør du testast.

Med symptom meiner ein eitt eller fleire av desse punkta:

  • Feber
  • Hoste
  •  Er tungpusta
  • Tap av smak- eller luktesans
  • Sår hals eller sjukdomskjensle

Personar frå Sveio skal testast i Aksdal, Tysvær. Ta først kontakt med testsenteret for å avklara behovet og bestilla time. Du treng ikkje kontakta fastlegen din for å bli testa.

Svaret på at ein ny prøve var positiv på covid-19 kom seint tysdag kveld. Sidan då har det vore høg aktivitet med tiltak og sporing av smitte.

– Me har enno ikkje oversikt over kor mange som er knytt til smittetilfellet, men kan stadfesta at fire tilsette i helse og omsorg er sett i karantene som følgje av smittesporing av nærkontaktar. Dette får førebels ingen følgjer for institusjonane våre som har drift som vanleg, seier Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg og for tida fungerande rådmann.

Har ikkje vore i utlandet

Ein del av arbeidet med smittesporinga, er å prøva og finna ut kvar smitten kjem frå.

– Det har me ikkje fått kartlagt enno, men me veit at vedkommande ikkje har vore på ferie i utlandet, seier Toft.

Vanlege prosedyrar blir følgde, og alle nærkontaktar blir sett i karantene i påvente av testsvar og for å hindra ytterlagare smittespreiing.

Følg smitteverntiltaka

Kor mange som må i karanten, veit ein enno ikkje. Då ein elev ved Vikse skule fekk påvist smitte i mai, vart 52 personar sett i karantene og testa.

Toft oppmodar alle til å vera nøye med å følgja dei gjeldane smitteverntiltaka. Som å halda avstand, ha god handhygiene og gode nyse- og hosterutinar. Har ein symptom på luftvegsinfeksjon, skal ein ta kontakt med testsenteret i Aksdal.

Powered by Labrador CMS