nyhende
Nytt smittehopp i Sveio
Onsdag vart åtte nye sveibyuar registrert med koronasmitte. Sveio er den kommunen med høgast smittepress i regionen dei siste 14 dagane.
Det syner tal frå FHI, som VG publiserer kvar dag.
Etter eit lite pusterom tysdag, kor det ikkje var registrert ny smitte hos personar med folkeregistrert adresse i Sveio, spratt talet opp til åtte nye smitta sveibuar onsdag.
Høgast press i Sveio
I VG si oversikt over smitte dei siste 14 dagane viser statistikken at Sveio har det klart høgaste smittetrykket med potensielt 1380 smitta per 100.000 innbyggar.
Til samanlikning har Karmøy, som hadde flest nye smitta tysdag med 1294 smitta per 100.000 innbyggar dei siste 14 dagane.
Haugesund 780 per 100.000 og Stord 1151 per 100.000 innbyggarar.
Talet på innlagde pasientar på sjukehus i Helse Fonna-området er fallande, onsdag var det fire covid-19 paisentar på sjukehusa i Fonna-området.
Fallande trend i Noreg
Det siste døgnet er det registrert 4.290 koronasmitta i Noreg. Det er 1.451 færre enn same dag førre veke, melder Nynorsk pressekontor (NPK) torsdag morgon.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.152 koronasmitta per dag.
Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.925, så trenden er fallande.
Onsdag var 316 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 21 færre enn dagen før.
124 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 76 på respirator. Det er tre fleire på intensiv og to fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
Ved midnatt natt til torsdag var det utført 9 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 363.554 personar testa positivt.
Til no har 4.276.331 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.908.161 personar har fått andre og 1.370.045 har fått tredje dose.
Til saman er 1.257 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.
58,6 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 29 dødsfall i Noreg.