nyhende

Nytt redningshelikopter på øving

Her ser de eit av dei nye AW101-helikoptra som etter kvart skal overta for Sea Kingen. Bildene er tatt under ei øving med redningsskøyta «Bergen Kreds» på Sletta.

Publisert Sist oppdatert

Noregs nye redningshelikopter

Totalt skal det innfasast 16 AW101. Desse er produsent er Leonardi Helicopters (tidlegare Agusta/Westland, derav AW)

Har plass til 25 passasjerar og ei besetning på 6.

AW101 har tre motorar på 2041 hestekrefter kvar. Cruisefart er 278 km/t og rekkevidde 266 nautiske mil, eller ca. 500 kilometer.

Kjelde: Luftforsvaret

Det har vore ein lang prosess frå midten av 1990-talet for å finna erstatning til den velkjende Sea Kingen. Åtte av dei 12 Sea King-helikoptra til 330-skvadronen er snart 50 år. Dei to nyaste Sea Kingane vart kjøpt inn i 1996.

– At skroget er gamalt, betyr ikkje at helikopteret er det. Alle Sea Kingane er blitt fornya og oppgraderte slik at dei er i topp stand. At operativiteten ligg på 98 prosent, viser at Sea Kingen fortsatt fungerer veldig bra, seier Stian Roen, talsperson for Luftforsvaret.

Høgare, fortare, større

Det er Luftforsvaret som opererer redningshelikoptra med Justisdepartementet som oppdragsgjevar. 16 AW101 skal etter kvart fordelast på 330-skvadronen sine basar rundt om i Noreg.

Dei fem første er no på hovudbasen på Sola der det blir drive operativ testing og evaluering. Med øvingar som den som blei gjennomført med redningsskøya «Bergen Kreds» på Sletta

Cruisefarten til AW101 er 278 km/t, medan Sea Kingen har maksfart på rundt 230 km/t. Sea Kingen har makshøgde på ca. 10.000 fot. AW101 kan gå opp til 15.000 fot. Rekkevidda til det nye redningshelikopteret er også betrakteleg større. Sea Kingen kan ta 18 passasjerar, AW101 har plass til 25.

Nærmar seg operativ drift

Men det er ikkje berre høgare, fortare, lengre og større som gjer den store forskjellen.

– AW101 er utrusta med det siste av utstyr og operativsystem, har nye eigenskapar og vil bli eit formidabelt redningshelikopter i drift. Beredskaptida er 15 minutt 24 timar i døgnet, seier Roen.

Nå dei første AW101 kjem i operativ drift, er det Justisdepartementet som må svara på. Sist oppdaterte sak på Forsvaret sine nettsider seier at AW101 skal overta rolla som redningshelikopter frå 2018 til 2021. Det har vore ulike forseinkingar med ulike årsaker, men no ser det i alle fall ut til at det nærmar seg for dei fem første.

Powered by Labrador CMS