nyhende
Nytt miljøfyrtårn på Ekrene
Tysdag kunne ordførar André Mundal Haukås (H) overrekka miljøfyrtårn-diplomet til murarfirmaet R. B. Johannessen AS i Ekrene næringspark.
Verksemda kvalifiserte seg til miljøfyrtårn i februar.
– Viktig for offentlege tilbod
– For oss har dette mykje å seia, mellom anna når me skal leggja inn tilbod på oppdrag for det offentlege. Då kan miljøsertifisering telja opp til 30 prosent, seier dagleg leiar Bernt Johannessen i R. B. Johannessen AS.
Verksemda fekk nyleg ein rammeavtale med Haugesund kommune, og Johannessen meiner miljøsertifiseringa var sterkt medverkande til at dei vann dette tilbodet. I tillegg opplever han at det ved slike tildelingar blir lagt vekt på at firmaet har ein del elbilar i bilparken sin, saman med dei mest miljøvenlege bilane på fossilt drivstoff.
– For ei lita verksemd som vår var det heilt nødvendig å bruka miljøkonsulent for å gjennomføra sertifiseringa. Ho har gjort ein god jobb, og eg har lært mykje under vegs, seier han.
Seks private miljøfyrtårn
Dette er den sjette private verksemda i Sveio som har fått denne utmerkinga. Dei fem andre er Espira Solkroken AS, Førde Auto AS, Haugaland Storhusholdning AS, Haukås Bilverksted AS og Norsk Lek og Park AS. I tillegg er kommunehuset i Sveio, Sveio folkebibliotek og Klinikkområde Sveio/Bømlo, Vestland fylkeskommune tildelt miljøfyrtårn-diplomet.
Miljøfyrtårn er det mest brukte miljøsertifikatet her i landet. Krava for å sertifisera seg er at verksemda har gjennomført effektive og lønsame miljøforbetringar som også medverkar til å oppfylla FN sine berekraftmål.
I tillegg til å overrekka diplom, spanderte også ordføraren kake på dei tilsette. R. B. Johannessen AS har 15 tilsette. Dagleg leiar er den einaste i administrasjonen.