nyhende

Kystvakta skal få nye skip. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Kystvakta skal få nye skip.

Nytt kystvaktskip på veg frå Romania

Publisert Sist oppdatert
NPK: Det nye kystvaktskipet KV Bjørnøya er no på veg frå verftet i Romania til Tomrefjord i Møre og Romsdal, der det skal ferdigstillast.

– I løpet av det neste året skal KV Bjørnøya gå frå å vere eit skrog til å bli eit fullverdig kystvaktfartøy. Før fartøya blir operative, må dei utrustast og få installert det nødvendige utstyret for operasjonane dei skal delta i, seier prosjektleiar Odd Magne Nilsen i Forsvarsmateriell i ei pressemelding omtalt i Teknisk Ukeblad.

KV Bjørnøy er det andre skipet i Jan Mayen-klassen som kjem frå skrogverftet til Vard i Romania. Om alt går etter planen er det venta til Vard Langsten i Tomrefjorden i Vestnes kommune om ein månad.

Der arbeider dei allereie med utrusting av det første skipet i klassen, KV Jan Mayen, som kom til Tomrefjorden i september. Det skal etter planen overleverast til Forsvaret til hausten, litt forseinka. Det tredje skipet, KV Bjørnen, reknar ein no med å overlevera i 2024.

Dei tre nye skipa skal erstatte dei 40 år gamle skipa i Nordkapp-klassen og har ei kostnadsramme på 6,8 milliardar kroner.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS