NAF fryktar at med krav om ettermontering av kortlesarar på alle ladestasjonane kan det bli færre ladarar i distrikta.AKIVFOTO: ØRN E. BORGEN / NTB / NPK
Nytt EU-krav kan føre til færre ladeplassar i distrikta
EU og regjeringa planlegg eit krav om ettermontering av kortlesar på alle ladestasjonar. Det fryktar NAF vil føre til at ladeplassar for elbilar blir lagde ned i distrikta.
NPK NPK
PublisertSist oppdatert
EU diskuterer no om krav om ettermontering av kortlesar på alle ladestasjonar kan bli innført frå 2027. Den norske regjeringa er innstilt på å følgje EU-kravet, skriv NAF i ei pressemelding.
— Med ei rekning på ein halv million kroner per ladepunkt fryktar vi at ladeplassar i distrikta kan bli lagde ned, seier Thor Egil Braadland, styresmaktskontakt i NAF.
Kostbar ettermontering
Han grunnlegg det med at ein kortlesar kostar rundt 30.000 kroner, men mange stader kan rekninga for å ettermontere kortlesarar bli mykje høgare, over ein halv million kroner per ladepunkt. Det er fordi nye kortlesarar og eldre ladarar ikkje alltid er kompatible, og då må heile ladepunktet blir bytt ut.
— Vi i NAF fryktar at eit påbod om ettermontering av kortlesarar fører til at ladarar i distrikta kan henge i ein tynn tråd. Det er fordi prislappen betyr at ladeselskapa kan tenkje at det er like greitt å berre leggje ned ein liten ladestad med lite trafikk, framfor å bruke ein halv million kroner på å ettermontere kortlesarar. Det kan dermed gi eit mykje dårlegare ladetilbod langs vegane, spesielt i distrikta, seier han.
Kan forseinka nye ladestasjonar
Braadland meiner at kravet om kortlesarar også kan forseinke utbygginga av nye ladestasjonar.
— Det finst i dag 4–5.000 ladestolpar utan betalingsterminal. Om selskapa blir tvinga til å bruke tid og pengar på å ettermontere kortlesarar framfor å byggje nye ladestasjonar, vil det openbert forseinke utrullinga av nye ladestasjonar. Dette i ei tid der det kjem 100.000 til 150.000 nye elbilar på vegen kvart år, seier han.
NAF fryktar at med krav om ettermontering av kortlesarar på alle ladestasjonane kan det bli færre ladarar i distrikta. AKIVFOTO: ØRN E. BORGEN / NTB / NPK