nyhende
Nytt avis-samarbeid på Haugalandet
Avisene Vestavind, Grannar og Tysvær Bygdeblad går saman om eit redaksjonelt samarbeid.
Det er dei tre einaste konsern-uavhengige avisene på Haugalandet som no innleiar eit tett redaksjonelt samarbeid. Lesarar i Tysvær, Etne og Vindafjord har allereie merka at det har dukka opp artiklar produsert av journalistar i Grannar i spaltene til Tysvær Bygdeblad, og omvendt. No blir også Vestavind ein del av eit nytt redaksjonelt samarbeid mellom dei tre avisene.
Det fortel dei ansvarlege redaktørane Ellen Marie Hagevik i Vestavind, Torstein Tysvær Nymoen i Grannar og Alf-Einar Kvalavåg i Tysvær Bygdeblad.
Felles område
— Våre tre aviser dekker til saman Sveio, Tysvær, Vindafjord og Etne. Desse fire kommunane er, med sine til saman meir enn 30.000 innbyggarar, ein del av ein stadig meir samanvevd og felles bu- og arbeidsmarknad på Haugalandet. Me redaktørane ser stadig døme på at ei sak som til dømes Tysvær Bygdeblad har laga, er relevant for lesarar i dekningsområda til Grannar og Vestavind. Spesielt innan næringsliv, samferdsle og viktige regionale politiske saker, fortel dei.
Samarbeidsavtalane mellom dei tre avisene går ganske enkelt ut på at saker som blir vurderte å ha felles interesse, kan bli publiserte i ei av eller i begge dei andre samarbeidsavisene.
God slagkraft
— Konsernavisene har ofte tette redaksjonelle samarbeid på regionalt eller nasjonalt nivå. Me er trygge på at det blir ein vel så stor gevinst for lesarane i Vestavind, Tysvær Bygdeblad og Grannar at me no får på plass eit tilsvarande samarbeid her lokalt på Haugalandet, seier redaktørane.
Samarbeid om journalistiske prosjekt vil truleg vera ei naturleg vidareføring av samarbeidet.
— Me representerer alle tre små redaksjonar med få journalistar. Men saman kan me skapa god slagkraft, til dømes i journalistiske graveprosjekt, slår dei tre redaktørane fast.
Meir journalistikk for pengane
Samarbeidet betyr ingenting for prisen abonnenten betaler for si lokalavis.
— Den einaste økonomiske konsekvensen er at lesarane får enno meir journalistikk for pengane, seier redaktørane.