nyhende
Nyreforskar frå Bråtveit publisert internasjonalt
Bjørn Steinar Lillås og fem andre har forska på samanhengen mellom låg fødselsvekt og nyresvikt som vaksen. Dei vart nyleg publisert i eit internasjonalt tidsskrift. — Det kan bidra til at ein tek betre vare på dei med låg fødselsvekt, seier Lillås.
Forskaren vart nyleg publisert i eit internasjonalt medisinsk tidsskrift saman med fem kollegaer.
Dei har forska på dei som kjem til verda med låg fødselsvekt, og nyresvikt seinare i livet som vaksen.
Mesteparten av studien gjekk som dei trudde, men det var ei lita overrasking. Dei vonar resultata frå studien kan hjelpe dei med låg fødselsvekt.
Nyrereserve
— Me hadde over 100 personar som deltok, og dei var frå 40 til 50 år gamle, seier Lillås.
Forskinga vart gjort i Haugesund, som er ein av stadene i Noreg der det vert forska mykje på nyrer og fødselsvekt.
Bak seg har forskarane allereie to studie på nyrer, men denne gongen ynskte dei å testa noko heilt spesielt.
— Me forska på ein nyrereserve, som er noko me trur at alle menneske har, seier Lillås.
Ideen til forskinga kjem frå noko dei antar, at nyrene våre ikkje brukar 100 prosent av sin kapasitet til vanleg. Kort forklart trur dei at kvar nyre har meir kapasitet enn dei eigentleg treng.
— Det merkar me når folk kan gje bort ei av sine to nyrer, og at det går fint når dei gjer det. Så me har nok ein overkapasitet, seier Lillås.
Når ein forskar på noko, er det naudsynt å utsetja det for motstand, ei såkalla stresstesting.
Dei over 200 nyrene vart stresstesta med noko du truleg går forbi dagleg. Nemleg proteinshaker.
Slik du kjøper på butikken
— Deltakande i undersøkinga fekk 7 desiliter med proteinshake, og så måla me nyrefunksjonen deira undervegs, fortel Lillås.
Dei laga shakane sjølv med proteinpulver frå ein vanleg butikk. Til saman fekk kvar deltakar om lag 100 gram protein, noko som gjer at nyrene vert pressa.
— Tanken var at nyrefunksjonen ville jobba høgare då, noko me såg, seier Lillås.
Samstundes vart det eit litt anna resultat enn det dei trudde, for det var ikkje noko skilnad mellom dei med vanleg og dei med låg fødselsvekt.
— Reservefunksjonane hjå nyrene fungerte like godt hos begge grupper, seier han.
Viktig faktor
Lillås fortel at ein tidlegare studie med same gruppe viste at kvinner med låg fødselsvekt ikkje hadde like god nyrefunksjon som kvinner med normal fødselsvekt. Difor meiner dei det er ein faktor å følgja med på.
Forskarane gjorde detaljerte undersøkingar på nyrene, og undersøkte mellom anna storleiken på kvar nyre med ein MR-maskin.
— Kva gode kan kome frå forskinga?
— Me trur at det kan bidra til at ein tek betre vare på dei med låg fødselsvekt, og følgjer dei opp gjennom åra, svarar Lillås.
Til dømes kan sjukehuset sjekka kva pasientar med høgt blodtrykk sin fødselsvekt var. Då vert det lettare å følgje opp pasienten, med ein faktor meir å måla helse på. Det er ikkje noko heilt nytt understrekar han.
— Det kjem stadig opp meir informasjon om at låg fødselsvekt gjev problem som følgjer ein gjennom livet, seier Lillås.
Han meiner dei bør passa litt ekstra på med ting som gjev høgt blodtrykk.
I Sveio grunna kjærleiken
Forskaren fortel det er stas å verta publisert i eit internasjonalt tidsskrift.
— KI (Kidney International) er ein av dei større aktørane, og den vart publisert på deira opne side, seier han.
— Kva respons har dykk fått?
— Det er litt tidleg førebels, så i hovudsak frå folk som eg kjenner frå før, seier Lillås.
Han fortel at det ligg ein god del timar med arbeid bak artikkelen, men at han står igjen nøgd. Sjølv om forskinga vart gjort i Haugesund, høyrer Lillås til Bråtveit i Sveio.
— Eg har budd der sidan 2007, men kjem opphaveleg frå Halden, seier han.
— Korleis endte du opp i Sveio?
— Eg møtte ei dame som budde her. Ho hadde hus og gard. Då var det enklare at eg flytta til ho enn å ta ho med til Halden, humrar han.