nyhende
Nye tilrådingar om smittevern for Sveio og nabokommunane
Onsdag kom nye lokale tilrådingar om smittevern for Haugalandet bu- og arbeidsmarknadsregion. Dei er gjeldande i tidsrommet frå 10. mars 2021 til og med 22. mars. 2021.
Det er Haugesund kommune som står bak pressemeldinga, frå rådmenn og kommunedirektør i sju kommunar:
På grunn av aukande smitte i Haugesund og Karmøy, set kommunane Haugesund, Karmøy, Sveio, Tysvær, Bokn, Utsira og Vindafjord i verk nye tiltak for å redusera talet på sosial kontaktar i perioden framover.
Dei nye tilrådingane etter råd frå kommunelegane i regionen er:
Annonse
- Tal på kontaktar gjennom ei veke ikkje bør overstiga 10 personar i sosial samanheng ut over nødvendige kontaktar i jobbsamanheng.
- 2 meter avstand gir større risikoreduksjon og er tilrådd i møte med personar i risikogrupper.
I tillegg blir tidlegare vidareført tilrådingar. Desse er som følgjer:
- Arrangement og private sammenkomster innandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 10 personar.
- Gravferd og bisettelse kan gjennomførast med inntil 50 personar.
- Arrangement innandørs med inntil 100 personar i fastmonterte sete er tillatne.
For å redusera smitta er det nødvendig at innbyggarane i nemnde kommunar følgjer tilrådingane i perioden 10. mars 2021 til og med 22. mars.