nyhende

Helsedirektoratet la fram dei nye skjermråda sine torsdag. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Helsedirektoratet la fram dei nye skjermråda sine torsdag.

Nye skjermråd tilrår null skjerm for dei minste barna

Barn under to år bør unngå skjerm, medan barn i alderen 2–5 år bør avgrense skjermbruken til ein halvtime til éin time, lyder Helsedirektoratets nye skjermråd.

Publisert Sist oppdatert

Samtidig bør skjermbruken avgrensast til 1-1,5 time for barn i alderen 6–12 år, ifølgje råda. For ungdommar opp til 18 år bør skjermbruken liggje på rundt 1,5-3 timar.

Desse råda gjeld altså for fritid utanom skulesamanheng.

– For å fremje best mogleg utvikling hos små barn er det viktig at dei får høve til å utforske miljøet sitt på ein trygg måte og byggje erfaringar med omsorgspersonar og andre gjennom å vere fysisk aktive i utandørs og innandørs leik, snakking, lesing, synging og liknande, seier konstituert helsedirektør Mariann Hornnes.

Helsedirektoratets nye skjermråd understrekar også at foreldre bør avgrense sin eigen skjermbruk når dei er saman med barn og unge.

– Som rollemodellar påverkar skjermbruken til foreldra skjermbruken til barnet. Skjermbruken til foreldre kan svekkje kvaliteten på relasjonen til barnet ved at den vaksne blir mindre tilgjengeleg for barnet, seier Hornnes.

Ein bør også unngå at skjerm blir nytta under måltid i heimen. Dei rår også til at barn bør unngå skjerm den siste timen før leggjetid og at dei ikkje har tilgang til skjerm ved senga.

Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) påpeikar at det er foreldra som sjølv avgjer kva som er best for barna sine.

– Eg har stor forståing for at dette kan vere ein krevjande balanse for foreldre som står midt i tidsklemma og ein hektisk kvardag. Samtidig har mange etterspurt tydelegare faglege råd, og eg håpar skjermråda kan vere eit nyttig verktøy, seier Vestre i ei pressemelding.

Powered by Labrador CMS