nyhende

Når du er fire år er lukka å vinna ei stor fruktkorg på basar som Terje Coomans Tørresdal. ILLUSTRASJONSFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Når du er fire år er lukka å vinna ei stor fruktkorg på basar som Terje Coomans Tørresdal.

Nye reglar for lotteri og basar

17. mai nærmar seg, og i år er det nye reglar dersom ein skal arrangera lotteri eller basar.

Publisert Sist oppdatert

— Ei endring i lovverket frå 1. januar 2023 gjer det lettare å arrangera smålotteri og basar, eller «pengespel», som det blir omtalt som i den nye lova. Dette er reglar som gjeld alle dagar heile året, ikkje berre nasjonaldagen, seier Tore Bell, seniorrådgjevar hos Lotteritilsynet.

Enkel hugseregel

Regelen er så enkel at no er det lov å arrangera basar og lotteri for alle. Avgrensinga ligg i at ein kan omsetta for maksimum 200.000 kroner i året, og at overskotet ikkje skal gå til såkalla fortenestebaserte (kommersielle) formål.

— Frisleppet i regelverket opnar også for at skuleklassar, idrettslag og FAU-ar kan arrangere lotteri og basarar til inntekt for til dømes skuleturar eller ny ballbinge til uteområdet. Til no har dette ikkje vore lov, seier Bell.

Det er også nytt er at du ikkje lengre skal informera Lotteritilsynet om at lotteriet eller basaren skal arrangerast. Du skal heller ikkje senda inn rapport om innteninga. Det blir opp til deg som arrangør å passa på at du ikkje overstig grensa på 200.000 kroner i løpet av året, skriv Lotteristilsynet i ei pressemelding.

Kan ikkje involvera profesjonelle

Det er ikkje lov å bruka ein såkalla «medhjelpar», altså ein profesjonell aktør, til å gjennomføra lotteriet. Det betyr at arrangøren må gjennomføra heile lotteriet sjølv. Du kan bruka Vipps som betalingsløysing, eller til dømes kanalar som Facebook for å orientera om lotteriet, eller til bestilling av lodd.

— Premiane skal vera av avgrensa verdi. Det er ingen grense på kor stor prosentdel av omsetnaden som skal settast av til premiar. Det er ikkje lov med alkohol som gevinst i denne type lotteri, seier Bell.

Du kan lesa meir om pengespel med omsetning under 200.000 på lottstift.no

Powered by Labrador CMS