nyhende
Nye planar for Fartein Valen-senter
Gjennom eit potensielt framtidig Valensenter ynskjer Fartein Valen-stiftinga å styrkja kjennskapen til den lokale komponisten Fartein Valen og musikken hans.
Nesten ti år etter at Sveio kommunestyre med knappast mogleg margin, 13 mot 12 røyster, sa nei til å taka på seg kostnadane som ville følgja med realisering av eit Fartein Valen-senter, er det no nye planar på gang.
Føreprosjekt
Det vert jobba med eit føreprosjekt for eit mogleg komande Valensenter i Valevåg. Dét syner illustrasjonar som er sende frå stiftinga til Sveio kommune, og som er gjorde offentlege i postjournalen til kommunen.
Sveio-ordførar Linn Therese Erve, som også er nestleiar i Farten Valen-stiftgina, stadfestar det same. Ho presiserer at det ikkje er gjort noko endeleg vedtak, men at kommunen arbeider med å finna ut korleis eit slikt senter eventuelt skal sjå ut.
— Ei vurdering av driftskostnader, finansiering og måten senteret skal driftast på inngår i det pågåande føreprosjektstadiet, fortel ordføraren.
Vil gjera Valen meir kjend
Gunnar Johan Løvik, som er leiar i Fartein Valen-stiftinga, stadfestar at dei i lengre tid har jobba med ein plan for ei mogleg vidareutvikling av Valenheimen og området rundt.
— Me ynskjer å styrkja fasilitetane og miljøet kring Fartein Valen, i tillegg til å gjera han endå betre kjend for ålmenta og lokalmiljøet, seier Løvik.
Han påpeikar at det framleis er uvisst korleis sluttproduktet vil koma til å sjå ut, dersom det vert realisert.
— Me er førebels i eit tankestadium.
Ukjend prislapp
Det er ikkje kjent kor mykje eit Valensenter vil kunna kosta.
I samband med finansiering opplyser ordførar Linn Therese Erve at det mellom anna vil verta vurdert å søkja Kulturrådet om støtte.
Det har lege føre tankar og planar om eit Valensenter i mange år, men i 2012 røysta Sveio-politikarane imot eit framlegg om å gå inn med midlar til eit senter som den gongen var estimert til å kosta mellom 30 og 40 millionar kroner. Ein stor del av finanseringa skulle etter planen skje gjennom offentlege midlar frå både fylke, kommune og stat. Prosjektet havarerte då kommunestyret sa nei i det dramatiske kommunestyret i desember 2012.
Det er på det reine at dei førebelse skissene som no ligg på bordet, er noko nedskalerte samanlikna med det som vart jobba fram den gongen, mellom anna med tanke på storleiken på konsertsal.
Ifølgje dei førebelse illustrasjonane vil Valensenteret, om det vert realisert slik, innehalda mellom anna ein mindre konsertsal, ein foajé på 24 kvadrat, ein garderobe for musikarar, toalettanlegg og ein terrasse som er plassert slik at ein enkelt kan flytta eit flygel frå konsertsalen og ut.