nyhende

Del av administrasjonsbygget til Sveio skule og Vigdartun.
Del av administrasjonsbygget til Sveio skule og Vigdartun.

Nye påviste tilfelle – skulane stengde fram til påske

Totalt sju er bekrefta med smitte i Sveio, det er to fleire sidan sist tilfelle onsdag kveld, då meldinga om at ein barnehagetilsett kom. I hovudsak er dei nye tilfellene på bakgrunn av symptom, og ikkje grunna smittesporing.

Fredag i 12-tida kom Sveio kommune med ny informasjon om korona-situasjonen.

På grunn av utviklinga av smittesituasjonen lokalt og regionalt har kommuneoverlegen, i samråd med rådmann og ordførar, fatta vedtak om å innføra digital heimeundervisning for alle skulane i kommunen neste veke:

Skulane har no vore stengde ei heil veke, først i samband med planleggingsdagar og deretter for å unngå smittespreiing mens ein kartlagde situasjonen etter eit smittetilfelle hos ein tilsett i ein barnehage i kommunen.

Omsynet til at barn og unge skal kunna leva så normalt som mogleg veg tungt i alle vurderingar av smitteverntiltak, og det følger av nasjonalt regelverk at skular derfor ikkje kan stengast som eit reint førebyggande tiltak – det må vera som eit ledd i å få kontroll over stor smittespreiing.

Det går fram at det er sju bekrefta tilfelle av smitte i Sveio. Talet i regionen er samla sett høgt, og aukande.

Har vore skåna

– Potensialet for å få fleire bekrefta tilfelle her i kommunen er relativt stort, med tanke på at veldig mange menneske har direkte og indirekte tilknyting til den nemnde barnehagen. Me har vore skåna i stor grad så langt i Sveio, men slik situasjonen no utviklar seg blir den medisinskfaglege vurderinga annleis enn tidlegare i mars, står det i meldinga frå kommunen. Vidare:

Smitten som no spreier seg er i hovudsak den britiske mutasjonen av koronaviruset, som er meir smittsam for barn og unge, og som òg gir høgare risiko. For å sikra elevane våre, dei tilsette og innbyggarane generelt, blir det no derfor vurdert som nødvendig og forholdsmessig å stenga skulane fram til påske. Vedtaket blir fatta no og med verknad fram til påske òg for å gjera situasjonen meir føreseigeleg for elevar og tilsette framover.

Ein del av vurderinga handlar òg om å sjå på regionen som heilskap. For der første er TISK-kapasiteten (testing, isolering, smittesporing og karantene) under sterkt press. Vidare har Haugesund, Karmøy og Tysvær stengd sine skular med mål om at dette – saman med dei strenge tiltaka som gjeld i samfunnet elles – skal verka slik at ein kan starta å opna opp igjen om ikkje så alt for lenge.

Det vil då vera uheldig om smitte skal ha spreidd seg i Sveio i mellomtida, og då eventuelt kunna føra til eit nytt utbrot på Haugalandet generelt.

Powered by Labrador CMS