nyhende

Nye fjøs for elleve millionar kroner

Laurdag blei to nye fjøs for ammekyr offisielt opna i Sveio. Til saman representerer dei investeringar på elleve millionar kroner. Fleire andre sveiobønder er også i ferd med å byggja, fortel leiar i Sveio Bondelag Steinar Vikse.

Publisert Sist oppdatert

Nybygget hans var det eine som blei opna med gjester både frå kommunen, Felleskjøpet og Innovasjon Norge laurdag. Vikse har investert tre millionar kroner i fjøs for 20 ammekyr og nokre kalvar. I tillegg har han bygt om sauefjøset.

– Me leverer oksekalvane til andre oppdrettarar som forar dei fram til slakting. Kvigekalvane har me litt lenger. Ein del set me på til nye avlsdyr, andre blir selde til slakt, fortel Vikse.

Hans fjøs blei rett nok tatt i bruk for eit års tid sidan, men det passa med offentleg markering no.

Stor interesse

Han seier det er blitt meir og meir vanleg med offisiell opning av nye fjøs. Det gir leverandørane sjanse til å presentera seg. Opningsmarkeringane gir også andre bønder med byggeplanar sjanse til å henta inspirasjon og idear. På dei to opningane laurdag var det 70-80 besøkande til stades.

Vikse ser dette i samanheng med at fleire bønder i kommunen er i ferd med å byggja nytt eller går med byggeplanar. Eit fjøs for mjølkekyr er under bygging på Haukås, fleire andre mjølkebønder har også byggplanar.

– Det er ei viss optimisme i næringa trass i nokre tunge år, seier den lokale bondelagsleiaren.

Yngst og størst

Maria Nesse sitt fjøs på Nese var det andre som blei opna laurdag. 25-åringen har satsa verkeleg stort og har bygt fjøs for 40 ammekyr til ein prislapp på åtte millionar kroner. Vestavind presenterte dette byggeprosjektet i ein reportasje i mai. I motsetnad til Vikse vil Nesse fora kalvane heilt fram til slakting.

Nettverksbygging

– Innovasjon Norge blir gjerne med på offisielle fjøsopningar for å gratulera kunden med sitt nye bygg og samstundes vera synlege på offentlege arrangement der bønder som er i tenkeboksen kan ta direkte kontakt. Ei form for mobilisering og nettverksbygging, forklarar kundekonsulent Jorunn Kårvatn i Innovasjon Norge

Ho deltok på fjøsopningane i Sveio laurdag og stadfestar at fire-fem bønder med byggeplanar tok kontakt med henne i løpet av opphaldet her.

Kårvatn forklarar vidare Innovasjon Norge si rolle i samband med investeringar i landbruket.

–  Vårt føremål er å vera staten og fylkeskommune sitt verkemiddel for å realisera verdiskapande næringsutvikling i heile landet. Mellom anna er dette eit tilbod til landbruket om midlar til investering og bedriftsutvikling som skal leggja til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping. Det skal også medverka tail busetting og eit variert landbruk i alle delar av landet, forklarar ho.

Maria Nesse fekk innvilga eit tilskot frå Innovasjon Norge på 3,2 millionar kroner i 2023. Året før fekk Steinar Vikse 1,15 millionar til sitt nye fjøs.

Powered by Labrador CMS