nyhende
Nye eigarar i Haugland Kraft
Fire nye kommunar kjem inn som nye eigarar i Haugaland Kraft frå nyttår.
Sveio kommune og dei eigarane i Haugaland Kraft, får frå nyttår selskap av fleire nabokommunar som eigarar Haugaland Kraft AS.
20 millionar kvar
Det er klart etter at både Etne, Bømlo, Fitjar og Sauda har takka ja til tilbod om å få kjøpe kavar sin aksjepost på 0,2 prosent. Kommunane kjøpar seg inn for 20 millionar kroner kvar.
— Haugaland Kraft har over lang tid hatt som strategi å vere ein pådrivar i utviklinga av regionen Sunnhordland, Hardanger, Indre Ryfylke og Haugalandet. Som eit ledd i denne strategien har selskapet dei siste åra integrert ei rekke lokale elektrisitetsverk inn i konsernet, mot at eigarane har fått oppgjer i aksjar i Haugaland Kraft. Det inneber at fleire kommunar og lokalsamfunn kor vi driv verksemd har fått innflytelse på selskapet sin strategi og målsettingar. Overskotet frå Haugaland Kraft har gått tilbake til regionen og dei lokale eigarane. Det er viktig for oss, seier konsernsjef Olav Linga i Haugaland Kraft i ei pressemelding.
Han legg til at kraftselskapet har sterkt fokus på samfunnsansvar.
— Konsernet skal både bidra til, og drive fram, det grøne skiftet i regionen. Dette både i høve til elektrifisering, ei brei satsing på berekraft og tilrettelegging for nye, grøne industriarbeidsplassar. Til dette treng vi regionale eigarar som ønskjer vekst og utvikling, og som støttar arbeidet med å finne nye mogelegheiter for vekst, seier han.
— Styrker regionen
Karmøy-ordførar Jarle Nilsen peikar på at eigarutbyte er viktig for kommunane, fordi det bidreg til gode kommunale tilbod til innbyggarane og næringslivet.
— Det at me no får inn fleire nye kommunale eigarar vil styrke heile regionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden for framtida, seier Nilsen.