nyhende
Nye E39: Krev tunnel forbi Førde
Førde Bygdalag kjem med ope brev til politikarane. Dei to alternativa for ny E39 er ikkje noko alternativ og vil begge øydelegga Førde. No vil dei ha tunnel forbi bygda si.
– Med sjokk og vantru er me blitt presenterte for Vegvesenet sine planar om bygging av ny firefelts motorveg gjennom bygda vår.
Slik byrjar det opne brevet frå Førde Bygdalag til lokalpolitikarane i Sveio.
Ope brev
Etter folkemøtet om E39 vart mange sjokkerte over korleis Førde kjem til å verta råka uansett kva alternativ Sveio kommunestyre vel. Styreleiar Tor Inge Flåten har forfatta brevet og summerer at korkje det eine eller andre alternativet for ny E39 er eit levedyktig alternativ for Førdebygda.
– Den eine traseen er teikna midt i gjennom bygda og andre traseen er nesten like øydeleggjande for bygda og nærmiljøet omkring, heiter det i brevet.
Planane beskriv korleis ein firefelts motorveg skal passera gjennom Førde. Enten vil det gå omtrent kor noverande E39 ligg og innehalda eit kryss med av- og påkøyrsler, elles vil det gå «på innsida» av bygda lengre aust og gjennom mykje av gardar og kulturlandskap forbi Gjenbruksløa og innover.
Problem i aust og vest
Bygdalaget er tydeleg på at det uansett vil vera dødsstøytet for Førde si framtid og kjem med ei konkret liste både for vestleg og austleg trase.
Vestleg trase:
- Næringsområdet på Hanaleite si vidareutvikling vil stansa.
- Folk vil måtte flytta frå heimane sine.
- Nedbygging av jordbruksjord.
- Øydelegge potensialet for turisme for bygda.
- Mindre attraktiv for tilflyttarar.
Austleg trase:
- Næringsområdet på Hanaleite si vidareutvikling vil stansa
- Folk vil måtte flytta frå heimane sine.
- Nedbygging av jordbruksjord.
- Førde kyrkje og samfunnshuset vil begge få ein støyande og nær nabo i form av motorveg.
Blir råka uansett
Flåten peiker også på korleis ein motorveg med 110 kilometer i timen som fartsgrense døgnet rundt vil skapa mykje støy i bygda. Løysinga er å leggja om vegen, og leggja den i tunnel. Bygdalaget sitt forslag er ein tunnel som går frå sør inn i Lierfjellet vidare mot sørleg ende av Bandalstjørna, og så i ny tunnel gjennom Krofjellet. Vidare vil vegen verta skjult mellom berg og fjelltoppar nordover før den kjem ut ved nordlege del av Dreng.
– Ved å leggja vegen i tunnel utanom Førde-bygda vil ein i tillegg til å verna om bustadhus, næringsbygg, næringsverksemd, kulturlandskap, bygdeliv og bulyst, også kunne avgrensa skadane for dyreliv, friluftsliv og skogbruk, argumenterer Flåten.
Ein førdebu som vert råka uansett av dei to traseane til Vegvesenet er Thomas Førde, som bur i nærleiken av kyrkja. Han har bidrege til det opne brevet og håpar det kan redda bygda.
– Det viktigaste er at ein ny veg ikkje går utover hus og jordbruk, seier Førde.
– Ei grov skisse
Førde understrekar at forslaget til ny trase i hovudsak ikkje er detaljert planlagt, og at i deira forslag ynskjer dei at det ikkje skal råka andre bebuarar sør eller nord for Førde.
– Forslaget er ei grov skisse, og meint for at vegen skal gå utanom bygda, seier han.
Måndag 27. november skal brevet vera eit innlegg hjå formannskapet som held møte same kveld. Thomas Førde er ein av dei som skal vera til stades som publikum.
– Eg håpar fleire også kjem, avsluttar han.