nyhende

Nye statlege midlar skal gje fleire bøker til dei unge i Sveio.

Nye bokmidlar kan koma Sveio til gode

Sveio kommune kan søka om 186.068 kroner i statlege midlar til bøker i skular og barnehagar. Målet er å styrka lesinga og gje ungane ein betre balanse mellom bok og skjerm.

Publisert

Regjeringa har opna for at kommunane kan søka om pengar til innkjøp av bøker i grunnskulen og barnehagane. I Vestland er det sett av litt over 18 millionar kroner, og Sveio er blant kommunane som kan få sin del av potten.

Pengane kjem i tillegg

– Leseløftet er ein sentral del av regjeringa sin plan for Noreg. Lesing er grunnmuren i all læring, og då må me begynna allereie når barna er små. Difor inkluderer me nå også barnehagane i ordninga, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i ei pressemelding.

På landsbasis er det sett av 140 millionar kroner til fysiske lærebøker i grunnskulen, i tillegg til 10 millionar kroner som er sett av til bøker i barnehagane. Pengane skal koma i tillegg til det kommunane sjølve kjøper via eigne budsjett.

Følg med og gi beskjed

– Det er viktig at innbyggarane følger med, og gir beskjed til sine lokale folkevalde dersom dei opplever at barna deira ikkje får fleire bøker på sin lokale skule, seier Nordtun.

Dei 10 millionane som tilfell barnehagane er nytt av året, og kommunane kan stå fritt i valet av korleis bøkene skal fordelast, men private og kommunale barnehagar skal behandlast likt.

Powered by Labrador CMS