nyhende
Ny viltpåkøyrsel på E39
Denne gongen melde ikkje vedkommande som køyrde på om uhellet. Det var det ein annan person som gjorde.
– Meldinga til oss måndag var at det var funne eit dødt rådyr ved E39 mellom Bømlafjordtunnelen og Førde. Uhell kan skje, og det er ingeting å tapa på å melda frå, seier vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon.
Det er faktisk straffbart å ikkje melda frå når du har køyrt på eit dyr. Dyrvelferd er den viktigaste årsaka til at du har plikt til å melda frå. Er dyret skadd, kan det bli liggande å lida. Politiet er rette staden å ringa på telefon 02800. Dei varslar vidare til viltnemd i den aktuelle kommunen.
Skadar på eige køyretøy ved dyrepåkøyslar blir dekka av kaskoforsikringa på bilen. Har du meldt frå, er det redusert eller ingen eigenandel hos forsikringsselskapa, og du slepp bonustap.