nyhende
Ny utstilling på Ryvarden
Med våren er det tid for ny separatutstilling i mai og juni. Ny kunstnar er Lise Birkeland.
Birkeland er opprinneleg frå Flekkefjord, der ho er fødd og oppvaksen. Ho bur og arbeider no i Stavanger, der ho har eigen verkstad. For tida arbeider ho med akt og stilleben.
— I si kunstkarriere har Lise arbeidd mykje med djuptrykk, etsingar, koldnål og grafikk. I separatutstillinga ho skal ha på Ryvarden vil utstillinga bestå av originalar med akvarell/tusj, akryl- og aktteikningar og stilleben, skriv fyrvaktar Gunn Bente Håvardsholm.
Det er ei spennande og vakker utstilling besøkande vil finna i galleriet på Ryvarden frå 7. mai.
Lise Birkeland er ein veletablert og anerkjent kunstnar. Ho er medlem av Norske Kunsthåndverkere og Norsk billedhoggerforening, og har hatt ei rekke separatutstillingar og delteke i mange kollektivutstillingar.