nyhende
Ny svindelbølge med «Skatteetaten» som avsendar
Skatteetaten minner om at dei aldri sender lenker uoppfordra i e-post eller SMS. – Akkurat no pågår det ei bølge med svindlar som utgir seg for å vera frå Altinn eller Skatteetaten, seier Ragna Fosen, tryggleiksdirektør i Skatteetaten.
Den siste bølga med svindlar som har blitt rapportert til Skatteetaten, foregår ved at det blir sendt meldingar med Altinn som falsk avsendar, eller at det blir lenka via sponsa annonsar på søkesider på internett, skriv Skatteetaten i ei pressemelding.
– Om du finn ei lenke som viser til Skatteetaten enten i ein e-post eller i eit nettsøk, ikkje klikk på den. Skriv heller inn Skatteetaten.no i nettvinduet og sjekk at det er rett adresse i URL-feltet i nettlesaren før du legg inn noko påloggingsinformasjon, seier tryggleiksdirektøren i Skatteetaten, Ragna Fossen.
– Rein svindel
Det kjem flere gongar i året meldingar om falske e-postar, falske SMS-meldingar og falske nettsider som oppfordrar til å logga inn og legga inn personleg informasjon fordi ein har pengar til gode hos Skatteetaten eller hos andre.
– Dette er rein svindel. Me sender aldri slike meldingar uoppfordra, seier Fossen.
Stadig smartare svindlarar
Ho oppfordrar folk til å vera vakne mot stadig smartare svindlarar som heile tida finn på nye metodar.
– Me må bare nok en gong oppfordra folk til å sjølv å skriva inn nettadressen skatteetaten.no i URL-feltet i nettlesaren. Derfrå er det trygt å bruka Bank-ID, MinID, Buypass eller Commfides sine påloggingsløysingar for å finna ut om me har sendt meldingar til deg. Om du ikkje finn noko når du er pålogga skatteetaten.no, er meldinga du har mottatt falsk, sier Fossen.