nyhende

Skyss lanserer ny app som samlar billettkjøp, reiseplanlegging og bestilling for kollektivtrafikken i Vestland.

Ny Skyss-app samlar alt på mobilen

No kan du planleggje, kjøpe og følgje bussreiser i heile Vestland i éin og same app frå Skyss.

Publisert

Den nye appen har fått det opplagde namnet Skyss og kan lastast ned i App Store eller tilsvarande tenester. Appen samlar tenestene i dei tre tidlegare appane Skyss Billett, Skyss Reise og Skyss Bestilling. Det betyr at du no både kan kjøpe, planleggje og bestille kollektivreiser i heile Vestland fylke i éin og same app.

– Dette er ein gledeleg dag. Mange har lenge ønskt éin, felles Skyss‑app, og no samlar vi planlegging og billettkjøp i éi løysing. Det er viktig for å gi eit enkelt og saumlaust kollektivtilbod, seier fylkesvaraordførar Stian Davies i ein pressemelding frå Skyss.

Overgang og nye funksjonar

Dei som allereie har Skyss Reise lasta ned på mobilen, vil få den nye appen gjennom ei oppdatering i løpet av dei neste to vekene.

Dei som har billettar i Skyss Billett, må framleis bruke den gamle appen til billetten er gått ut, sidan desse ikkje blir overførte. Opparbeidd reiserabatt blir heller ikkje flytta over til den nye appen. Skyss Bestilling skal på sikt fasast ut, men vil fungere ei tid framover slik at brukarane får brukt opp billettane sine.

Den nye appen har òg fleire nye funksjonar. Mellom anna kan du følgje bussen du ventar på i kart, abonnere på periodebillett og sende billettar til andre brukarar.

Powered by Labrador CMS