nyhende

Elisabeth Nygaard er kommunalsjef for skule, barnehage og kultur i Sveio kommune. Foto: arkiv.
Elisabeth Nygaard er kommunalsjef for skule, barnehage og kultur i Sveio kommune.

Ny SFO-ordning skal inkludera fleire born

Eit nytt SFO-tilbod om 12 timar gratis kjernetid trer i kraft hausten 2022. Målet er å gjeva fleire familiar mogleik til å nytta seg av SFO (skulefritidsordninga).

Publisert Sist oppdatert

«Kjernetid» refererer til den tida flest elevar nyttar seg av skulefritidsordninga.

— I Sveio gjeld dette dei dagane det er kortare skuledag, altså onsdagar og fredagar. Desse dagane vil SFO vera gratis for fyrsteklassingar etter skuleslutt og fram til klokka 16.30, seier Elisabeth Nygaard, som er kommunalsjef for skule, barnehage og kultur i Sveio.

Elevane får òg tilbod om gratis kjernetid fem dagar i haust- eller vinterferien.

I Hurdalsplattforma har regjeringa sett seg som mål å auka kvaliteten og redusera prisen i skulefritidsordninga. I tråd med dei politiske ambisjonane vert difor SFO-ordninga implementert frå hausten av.

— På denne måten får me kanskje fleire elevar til å vera med. Samstundes får foreldre og føresette høve til å henta borna sine etter jobb, noko som kan skapa tryggleik for elevar med farleg eller lang skuleveg, held Nygaard fram.

Ho meiner tilbodet vil kunna gjeva elevane kjensla av ein meir variert skulekvardag, der leik og aktivitet får ein endå større plass.

Powered by Labrador CMS