nyhende

Gjennomsnittleg kjøpesum per omsetning av bustader i burettslag og bebygde bustadeigeformer på eigd tomt, omsett i fritt sal.
Gjennomsnittleg kjøpesum per omsetning av bustader i burettslag og bebygde bustadeigeformer på eigd tomt, omsett i fritt sal.

Ny rekord for bustadsal i Noreg

Bustadsalet i Noreg auka med 11.7 prosent i 4. kvartal 2020 samanlikna med tilsvarande kvartal året før. I alt blei det omsett 39 700 bustadar i fritt sal.

Bustadsalet fordelte seg på 29 900 sjølveigarbustadar og 9 800 burettslagsleilegheiter i fritt sal i 4. kvartal. Dette er det høgaste talet omsetnadar i fritt sal i eitt kvartal nokon gong. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Ein gjennomsnittleg sjølveigarbustad kosta 4,2 millionar kroner, medan snittet for burettslagsbustadar var 3,1 millionar kroner inkludert fellesgjeld.

Oslo har dei høgaste bustadprisane

Oslo har som alltid dei høgaste prisane, i snitt kosta ein sjølveigarbustad 7,1 millionar kroner og ein burettslagsbustad 4,4 millionar i hovudstaden i 4. kvartal 2020. Tal omsetnadar auka mindre i Oslo enn i dei fleste andre fylke samanlika med same kvartal året før.

Tal omsette bustader i fritt sal fordelt på bustadtype 4. kvartal

Bustadsalet opp 3 prosent i 2020

Det blei seld 3 prosent fleire bustader i 2020 enn i 2019. I alt blei det seld 134 750 bustader i fritt sal. Salet fordelte seg på 34 750 burettslagsleilegheiter og 100 050 sjølveigarbustadar.

Då pandemien ramma landet i mars i fjor, førte det til ein nedgang i bustadsalet på 6 prosent i andre kvartal samanlikna med same kvartal i 2019. Salet auka igjen i både tredje og fjerde kvartal og enda med omsetnadsrekord i 4. kvartal.

Powered by Labrador CMS