nyhende

– Å få vera med på dåpen av «Einar Helsing UNI» er eit synleg bevis på at Redningsselskapet fortsatt er her for oss – og vil vera det i åra som kjem, sa ordførar i Haugesund Nils Konrad Bua. Foto: Eigil Andersen/ Redningsselskapet
– Å få vera med på dåpen av «Einar Helsing UNI» er eit synleg bevis på at Redningsselskapet fortsatt er her for oss – og vil vera det i åra som kjem, sa ordførar i Haugesund Nils Konrad Bua.

Ny redningsskøyte får base i Haugesund

Den 177. redningsskøyta i Redningsselskapet si historie – «Einar Helsing UNI» – blei onsdag døypt i Haugesund. Der skal den også ha sitt operasjonsområde.

Publisert Sist oppdatert

Redningsskøyter i Ulstein-klassen

Som dei fem første Ulstein-skøytene er RS 177 «Einar Helsing UNI» bygd av Swede Ship Marine AB ved deira verft ved Fagerfjäll på øya Tjörn, nord for Gøteborg.

De fem første skøytene er:

  • RS 158 «Idar Ulstein»
  • RS 168 «Hans Herman Horn»
  • RS 169 «Odd Fellow III
  • RS 173 «Einar Skjalgsson»
  • RS 176 «Leif-Erik Simonsen»

RS 177 «Einar Helsing UNI» er ei havgående redningsskøyte i Ulstein-klassen som vil ha fast tilsette redningsmenn- og kvinner om bord. Med sine 22 meter er det ein av Redningsselskapet sine største skøyteklassar, med både stor slepekraft, fart og rekkevidde, samt det nyaste innan teknisk redningsutstyr og navigasjon, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding

Gudmødrene var Signe Abrahamsen for Einar Helsings testamente og Linda Flaaten-Stokkan, nestleiar i Stiftelsen UNI.

Innsats som reddar liv

Til stades under dåpen var også Nils Konrad Bua, ordførar i Haugesund, og klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Å få vera med på dåpen av «Einar Helsing UNI» er eit synlig bevis på at
Redningsselskapet fortsatt er her for oss – og vil vera det i åra som kjem. Det gir tryggleik for dei som ferdast på sjøen, og for dei som bur ute på øyane rundt Haugesund, sa ordfører i Haugesund Nils Konrad Bua i sin tale.

– I dag feirar me ikkje berre ei ny redningsskøyte. Me feirar også det viktige arbeidet til dei frivillige og dei tilsatte i Redningsselskapet. Innsatsen deira reddar liv, skaper tryggleik og gjer kysten til ein betre og tryggare stad for oss, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

RS 177 «Einar Helsing UNI» er ei havgåande redningsskøyte i Ulstein-klassen. Frå venstre: President i Redningsselskapet, Jon Rysst, gudmødrene Linda Flaaten-Stokkan og Signe Abrahamsen og generalsekretær i Redningsselskapet Grete Herlofson.

Redesigna for miljøkrav

RS 177 «Einar Helsing UNI» blir den sjette redningsskøyta i Ulstein-klassen og er også ei oppgradering av klassen. Skøyta har dermed ikkje dei same tekniske spesifikasjonene som dei fem første Ulstein-skøytene. Den er redesigna og vidareutvikla for å tilfredsstilla nye miljøkrav frå myndigheitene, med installasjon av IMO Tier IIIi godkjente motorar og katalysator.

Fartøyet har et heilt nytt eksos-rense-system, i høve til nye regulativ (NOx) som gjeld for heile Norskekysten. De fem første fartøya i Ulstein-klassen har alle to MTU-motorar, mens RS 177 har to V12 MAN-motorar. MAN-motorar reduserer nitrogenoksid (NOx) med opptil 95 prosent, og er meir kompakt enn konkurrerande systemer.

– Me kan aldri gå på kompromiss med å ha fartøy som er eigna for vårt livsviktige oppdrag, men RS 177 er så «grøn» me greier. Me håper at regjeringa legg merke til innsatsen frå folket, og held fram å bidra til at RS kan drifta heile vår store skøytepark med folk og fartøy for framtida, sa generalsekretær i Redningsselskapet Grete Herlofson.

Stor donasjon og testamentarisk gåve

Stiftelsen UNI har vore donator og samarbeidspartnar til Redningsselskapet i over 20 år. Til saman har dei donert betydelege midlar til heile 11 redningsskøyter. De 10 første donasjonene har gått til mindre fartøy med frivillig bemanning, og den siste donasjonen no til RS177 «Einar Helsing UNI».

I 2022 mottok Redningsselskapet også ei stor testamentarisk gåve fra Einar Helsing som skulle brukast til å finansiere ei redningsskøyte i Ulstein-klassen.

Powered by Labrador CMS