nyhende

Vestavind-laget frå 1. mars: Ellen Marie Hagevik (t.v.), Susanne Lie Vallestad og Thomas Vallestad Drageset. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Vestavind-laget frå 1. mars: Ellen Marie Hagevik (t.v.), Susanne Lie Vallestad og Thomas Vallestad Drageset.

Ny redaktør på Vestavind-laget

Onsdag 1. mars tok Ellen Marie Hagevik over etter Torstein Tysvær Nymoen som redaktør i Vestavind.

Publisert Sist oppdatert

Den nye redaktøren har vore i sving i ein overgangsperiode i februar. Ho tek no offisielt over etter at Tysvær Nymoen vart redaktør i Grannar same dato.

— Det er veldig kjekt å vera tilbake, seier Ellen Marie Hagevik.

Grei overgangsperiode

For Hagevik er det retur til kjende trakter, då ho tidlegare har vore vikarredaktør i Vestavind frå februar til august i 2020.

— Det er ei stund sidan eg var her sist, og det har difor vore veldig greitt å ha ein overgangsperiode med Torstein. No begynnar alt det tekniske og rutinar å koma på plass. Neste steg er å bidra meir som skrivande og i vidare utvikling av avisa, seier Hagevik.

Rosar avtroppande

Ho kjem med ros til Tysvær Nymoen om hans tid i avisa.

— Torstein har gjeve Vestavind god styrefart den tida han har vore her. Min jobb blir å bygga vidare på arbeidet han har gjort, samstundes som eg etter kvart vil setja mitt preg på Vestavind, seier Hagevik.

Sjølv går ho frå ein kvardag med om lag 80 kollegaer på rådhuset i Ølen, til nokre færre i Sveio.

— I ei lita lokalavis jobbar ein veldig tett, og eg er svært glad for å ha Susanne og Thomas med på laget. Litt artig er det også at redaksjonen no blir styrt av to osingar, seier Hagevik med eit smil.

Vore gjevande

Tysdag 28. februar vart det halde ein lunsj på Vestavind sitt kontor for å markera redaktørskiftet. Med Twist, snittar, kaffi og sprudlevatn vart dei begge feira. Styreleiar Bent Rune Sinnes takka Tysvær Nymoen for det han har tilført Vestavind, og ønskte Hagevik velkomen.

Torstein Tysvær Nymoen går til ny jobb som redaktør i lokalavisa Grannar.

Tysvær Nymoen seier at det har vore gjevande å få lov til å leia Vestavind i litt over eitt år.

— Eg føler at kollegiet i avisa i denne perioden har klart å gi avisa god digital fart, noko eg trur er avgjerande for at Sveio skal ha ei levedyktig lokalavis i mange år framover. Digitaliseringa er noko også mange lesarar i Sveio har gitt oss positive tilbakemeldingar på, og me ser at stadig fleire abonnentar no konverterer frå å vera tradisjonelle papirlesarar til å bli digitale lesarar, seier Tysvær Nymoen.

Uavhengig av plattform for publisering, er det journalistikk som er salsvara til Vestavind.

— I Ellen Marie Hagevik har avisa fått ein ny, røynd og journalistfagleg sterk redaktør. Eg ønskjer ho lukke til. Det er lett å overlata stafettpinnen vidare til ein redaktør som eg er sikker på kjem til å leia avisa på ein god måte i tida framover, seier den nye redaktøren i Grannar.

Powered by Labrador CMS