nyhende

Gjedde er ei av dei framande artene med størst spreiingspotensial i økosystem i ferskvatn. Foto: Odd Terje Sandlund, Norsk institutt for naturforsking.
Gjedde er ei av dei framande artene med størst spreiingspotensial i økosystem i ferskvatn.

Ny rapport: Framand fisk gir størst risiko på Sørvestlandet

Publisert Sist oppdatert
NPK: Risikoen for spreiing av framand ferskvassfisk som truar naturmangfaldet er størst sørvest og heile nord i landet, viser ein ny rapport.

– Det er særleg rundt tettstader og styre byar som Bergen, Stavanger og Kristiansand at spreiingsrisikoen er stor, fordi menneske er med på å spreie framande fiskearter, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, i ei pressemelding.

Det varme klimaet på Sørvestlandet gjer at mange arter trivst i ferskvatna der.

ein ny rapport som Norsk institutt for naturforsking (Nina) har laga for Miljødirektoratet, viser dei spreiingsrisikoen i kart baserte på data frå meir enn 30.000 vassførekomstar i heile landet. Rapporten vil vere med å gjere det mogleg å vurdere spreiingsrisikoen for framand ferskvassfisk i inntil 50 år framover.

Det er dei siste 50 åra registrert nesten 3000 tilfelle av framand ferskvassfisk i ulike vassdrag i Noreg. Når ei art etablerer seg i eit nytt miljø, kan det endre økosystemet og redusere naturmangfaldet der.

– Faren for spreiing av framande fiskearter aukar når temperaturane aukar som følgje av klimaendringar, seier Hambro.

Ho minner om at det er forbode å spreie framande arter i norske vassdrag. Eit eksempel på slik spreiing kan vere at til dømes sportsfiskarar set ut fisk ein stad. Direktøren meiner det er viktig at fritidsfiskarar ikkje spreier arter eller brukar arter som levande agn. Ho åtvarar også mot å sleppe fisk frå akvarium ut i naturen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS