nyhende
Ny rådgjevar for landbruk og naturforvaltning
Ein karmøybu byrjar i august som ny rådgjevar i Sveio kommune. Med seg har han fleire års erfaring frå Kystverket, og ei sterk interesse for natur og dyreliv.
Då han såg ei ledig stilling som rådgjevar innan landbruk og naturforvaltning tenkte han at det var midt i blinken.
– Eg søkte på stillinga fordi eg alltid har hatt interesse av natur og dyreliv. Og så passar det veldig bra med utdanninga eg har, seier Håkon Aamodt.
Viss han vart tilsett fekk han endeleg bruka kompetanse og interesse til noko han brann for.
– Eg har bachelor i naturforvaltning frå Nord-universitet i Steinkjer, seier Aamodt.
Mykje erfaring
For tida er han tilsett i Kystverket, ein stad han har jobba i fleire år.
Opphaveleg kjem Aamodt frå Fosen på Karmøy, og bur no i Haugesund.
– Har du eit forhold til Sveio frå før?
– Ja, eg har familie på mor mi si side. Dei er i frå Tjernagel, seier han.
– Kva går stillinga ut på eigentleg?
– Det er veldig mykje forskjellig. Det er ei blanda stilling med både landbruk og natur, der ein jobbar med søknadar og behandling. Eg får nok litt større innblikk når eg har vorte varm i trøya, svarar Aamodt.
Frå tida si i Kystverket har han mykje erfaring innan saksbehandling, noko han trur kjem godt med i Sveio.
Friluftsliv og jakt
Utanom jobb er han glad i å vera utandørs, og interessene passar godt med den komande jobben.
– Eg er veldig interessert i natur og friluftsliv, fiske og jakt. Jakt står meg særleg nært. Akkurat no sit eg med ein liten valp som eg skal ha med på jakt seinare, seier Aamodt.
– Kva jaktar du?
– Rådyr og hjort. Og så brukar eg å ha ei veke kvar haust der eg reiser til Nord-Trøndelag for å jakta på elg, seier han.
Hunden han nemner er ein elleve veker gamal border terrier med namn Pepsi.
– Den driv og gjer ugagn medan me snakkar no, humrar Aamodt.
Siste innspurt
Han beskriver tilsetjingsprosessen hjå kommunen som ein grei affære.
– Det var veldig bra. Eg hadde inntrykk av at det var mange varierte kandidatar med ulik kompetanse. Det var veldig spanande, seier han.
Aamodt var ein av tolv som søkte, og han kom sigrande ut. No har han ferie i nokre dagar til før det er tilbake til Kystverket for siste innspurt.
27-åringen frå Karmøy gler seg til å byrja i Sveio i august. For dei som er både glade i hund, og skal få noko behandla av Aamodt, er dei dessverre ikkje sikra eit møte med Pepsi.
– Det trur eg at eg må avklara med arbeidsgjevar først. Den må nok venna seg til å vera heima aleine først, seier han.