nyhende

Handleposane blir over ei krone dyrare.
Handleposane blir over ei krone dyrare.

Ny pris for plastposar frå i dag

På førehand heldt dei store daglegvarekjedene den nye prisen på plastbereposar hemmeleg, men tysdag vart det klart at alle la seg på same pris.

Publisert Sist oppdatert

4 kroner og 25 øre er den nye prisen for plastposane som samtidig er reklameplakatar for Kiwi, Meny, Rema 1000 og Coop. Det viser ein ringjerunde som NTB har teke.

Prisen auka tysdag 1. august fordi kontingenten som forretningane må betale per pose til Handelens Miljøfond blir dobla, frå ein til to kroner.

1,60 kroner i februar 2020

– Prisen på plastpose hos oss er no på kroner 4,25. Det svarer til kontingenten og momsen. Dette er eit grep for å redusere plastforbruket, seier Line Aarnes, kategori- og innkjøpsdirektør i Rema 1000.

Frå mars 2019 og ut februar 2020 var prisen på handleposane hos Rema kroner 1,60. Deretter auka prisen til to kroner og 1. januar 2022 til tre kroner.

722 millionar plastposar

I 2022 brukte nordmenn 722 millionar plastposar, ifølgje miljøfondet. Det vil seie at kvar person bruker 132 plastposar kvart år. Dette er ein stor nedgang på 100 millionar posar frå 2021 til 2022, men det er altså ikkje nok.

– Sjølv om utviklinga går i rett retning, har vi framleis ein stor jobb framfor oss for å nå Noregs plastposemål, skriv Handelens Miljøfond.

– Målet frå både EU og norske styresmakter er at forbruket skal ned på 40 posar per person per år, seier kommunikasjonssjef Nina Horn Hynne i Meny til NTB.

Powered by Labrador CMS