nyhende
Ny ordning: – Me er redde for at fastlegen si oversikt vil gå tapt
Frå nyttår vart det opna for at sjukepleiarar kan gjennomføre konsultasjonar for fastlegen. Ståle Onsgård Sagabråten i Legeforeininga seier det i verste fall kan bli refusjonstaksten som avgjer kven pasientane møter på legekontoret.
Den nye ordninga er eitt av tiltaka i stortingsmeldinga om allmennlegetenesta og har som mål å redusere belastninga for fastlegane og gje dei meir tid til oppgåver som krev legekompetanse, ifølgje Helsedirektoratet.
Legeforeininga ønskjer meir tverrfagleg samarbeid i kommunehelsetenesta, men har samstundes vore kritiske til den vedtekne endringa der dei kan delegere meir ansvar til sjukepleiarane. Ståle Onsgård Sagabråten, som leiar fagstyret i Den norske legeforening, seier til Nynorsk pressekontor at det ikkje er belegg for å hevde at tverrfaglegheit i seg sjølv vil gje betre kapasitet i fastlegeordninga, ettersom leiing og organisering av ordninga vil krevje tid.
Det unike med fastlegeordninga
Han peikar også på at kontinuitet i pasientbehandlinga og høve til å handtere fleire små og store medisinske problem samtidig, er noko av det mest unike ved dagens fastlegeordning.
– Me er litt redde for at oversikta til fastlegen vil gå tapt, om pasienten kjem til ein sjukepleiar ein gong, og til fastlegen den andre. Som fastlege er det viktig å ha oversikt, det vere seg over medisinane til pasienten, den samla meistringsevna eller kva slags nettverk ho eller han har å spele på.
Om fastlegen berre skal ha ansvar for dei mest komplekse og samansette problemstillingane, vil fastlegen også på sikt kunne miste viktig kompetanse. For å bli god på det komplekse, må ein først bli kjent med pasienten gjennom enkle problemstillingar, seier han:
– Når vi set andre personellgrupper til å løyse ting, vil det ofte vere for å handtere ei spesifikk oppgåve, medan fastlegen gjerne handterer tre-fire ting i ein og same konsultasjon. Ein kan lett sjå for seg at det dukkar opp nye problemstillingar under sjukepleiaren sin konsultasjon, som gjer at pasienten endar med å få ein ny konsultasjon hjå fastlegen. Om det blir mange slike dobbeltkonsultasjonar, vinn ein jo heller ikkje så mykje, seier Sagabråten, som sjølv er fastlege i Nesbyen.
Kamp om sjukepleiarane
I den nye ordninga kan fastlegen delegere både konsultasjonar, sjukebesøk og deltaking i samarbeidsmøte til sjukepleiarar. Delegeringa er personleg, og fastlegen kan berre delegere oppgåver som gjeld pasientar legen sjølv har oppfølging av. Det medisinske ansvaret vil framleis liggje hos fastlegen. Fastlegen kan krevje refusjon for dei delegerte konsultasjonane, og taksthonoraret utgjer då 75 prosent av legen sitt vanlege taksthonorar.
– Me er opptekne av nye måtar å samhandle på, men det er veldig viktig at me no følgjer tett med på endringane og passar på at dei blir evaluerte på ein god måte. I verste fall kan det bli refusjonstaksten for konsultasjonen som blir drivaren for kven pasienten møter på legekontoret, seier Sagabråten.
Han understrekar at mange legekontor allereie har fleire profesjonsgrupper som avlastar legane, mellom anna med sårstell, kontrollar og røntgen. Men den nye ordninga opnar altså berre for at legane kan krevje refusjon om oppgåvene blir delegert til ein sjukepleiar. Det vil til dømes bety at ein no må lære opp sjukepleiarar til å ta røntgenbilete, fordi ein radiograf som utfører same oppgåve ikkje utløyser refusjon.
Han minner også om at det heller ikkje er flust med sjukepleiarar i distrikta. Mange kommunar slit allereie med å skaffe sjukepleiarar til helgevakter og turnusjobbing på sjukeheimar. For ein del sjukepleiarar vil det kanskje vere meir attraktivt å jobbe dagvakter på eit legekontor.
– Med den mangelen på helsepersonell som vi ser i kommunane i dag, stiller me difor spørsmål ved kvar personellet skal takast frå. Ei overføring av personell frå kommunane til fastlegekontora vil i mange tilfelle vere feil prioritering.
Eit viktig steg
Leiar av Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen, seier til Nynorsk pressekontor at forbundet støttar ordninga og er glade for at ho blir innført. Ho meiner ordninga er eit viktig steg mot tverrfaglege allmennhelseteam:
– For oss handlar dette først og fremst om å styrkje tenestetilbodet til pasientane, særleg pasientgrupper som i dag får eit for dårleg eller lite samanhengande tilbod. Ordninga vil bidra til betre oppfølging av pasientar med samansette og langvarige behov.
Ho meiner òg ordninga vil gje sjukepleiarar betre høve til å bruke kompetansen sin. Det gjeld særleg dei som er spesialistar i såkalla klinisk allmennsjukepleie.
– Spesialistar i klinisk allmennsjukepleie har masterutdanning, spesialistgodkjenning og solid klinisk kompetanse. Internasjonal forsking viser at dei gir trygg og god oppfølging innan avgrensa område, i tett samarbeid med lege og anna helsepersonell.
– Ordninga er frivillig
Sverresdatter Larsen seier NSF deler Legeforeininga si uro for sjukepleiarmangel i kommunane. Ho påpeiker samstundes at den nye ordninga ikkje handlar om å flytte sjukepleiarar frå sjukeheimar til fastlegekontor, men om betre oppgåvedeling og riktigare bruk av kompetanse i heile den kommunale helsetenesta:
– Fastlegekontora er allereie ein del av kommunehelsetenesta, og samarbeid mellom legar og sjukepleiarar kan bidra til meir effektive pasientforløp og mindre press både på fastlegar og andre tenester. Ordninga er frivillig og skal brukast der ho gir fagleg gevinst, ikkje der ho svekkjer andre tilbod, seier Sverresdatter Larsen.
Ho er også tydeleg på at sjukepleiarmangelen ikkje blir løyst ved å halde igjen utvikling og nye arbeidsformer:
– Sjukepleiarmangelen blir løyst gjennom rekruttering og ved å halde på helsepersonell, betre arbeidsvilkår, tydelege karrierevegar og moglegheit til å bruke kompetansen fullt ut. Den nye ordninga er difor viktig også for rekruttering og for å halde på sjukepleiarar i tenestene.