nyhende

Det er ikkje alle som har fått med seg regelendringane som gjeld når dei skal søke om pass til barnet sitt.
Det er ikkje alle som har fått med seg regelendringane som gjeld når dei skal søke om pass til barnet sitt.

Ny ordning for pass til barna – mange må bestille ny time

For halvtanna år sidan kom det ei regelendring som skulle gjere det lettare å skaffe norsk pass til barna, men ikkje alle foreldre har fått det med seg, skriv Stavanger Aftenblad.

Publisert Sist oppdatert

Før var det slik at ein måtte ha med fullmakt frå den andre forelderen om berre den eine møtte opp på passkontoret. Fullmaktsordninga vart avvikla i november 2022.

No må foreldre møte personleg opp på passkontoret for å gi samtykke til at barnet kan søke om pass eller ID. Samtykket kan givast enkeltvis eller varig fram til barnet er 18 år.

Enklare å søke

Den nye ordninga gjer det enklare å søke om pass til barn. No kan ein gi samtykke ein gong i staden for å ta med fullmakt kvar gong.

– Vi trur at dei fleste foreldre har fått med seg det, men det gjeld ikkje alle. I nokre tilfelle har foreldre måtta bestille ny passtime fordi samtykke frå ein av dei mangla, seier Elisabeth lund, seksjonsleiar for pass/ID i Oslo politidistrikt til Aftenbladet.

Begge må møte

Begge foreldra må møte opp på passkontoret for å gi samtykke, men ein treng ikkje gjere det samtidig eller ved det same politikontoret.

Her kan du sjekke hugselista til politiet over det som trengst skal du søke om nytt pass.

Powered by Labrador CMS