nyhende

Illustrasjonsfoto frå Mølstrevåg. Dronefoto: Susanne Lie Vallestad
Illustrasjonsfoto frå Mølstrevåg.

Ny oppgang i bustadprisane – ventar rekordmange selde bustader i år

Bustadprisane steig med 0,2 prosent i mai, og rekordmange bustader vart selde. No trur Eiendom Norge på ny omsetningsrekord for bustader.

Publisert Sist oppdatert

– Bustadprisane steig med 0,2 prosent i mai, noko som gav ei uendra sesongjustert prisutvikling. Det er framleis ein svært sterk bustadmarknad i Stavanger-regionen, og bustadprisane har her stige med heile 12,2 prosent så langt i år. I Oslo er prisutviklinga svakare enn dei fleste, også vi, såg føre seg ved inngangen til året, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Eiendom Norge-direktør Henning Lauridsen seier at det kan gå mot omsetningsrekord i år.

Korrigert for sesongvariasjonar var prisane uendra i mai. Gjennomsnittsprisen for ein bustad i Noreg var 5.112.498 kroner ved utgangen av mai.

– Det rekordstore omsetningsvolumet i marknaden for brukte bustader heldt fram i mai, og det er omsetningsrekord endå ein gong både i mai månad og så langt i år, seier Lauridsen.

– I mai har også veksten i talet på bustader lagt ut for sal vore større enn det som er selt, og vi går inn i juni med ei stor tilbodsside. Forsommaren er likevel høgsesongen for å kjøpe og selje bustad, så vi ventar at mykje av tilbodet vil bli drenert unna gjennom juni, seier Lauridsen.

Trur på rekordomsetning

Så langt i år har bustadprisane stige med 7 prosent.

I mai vart det selt 11.701 bustader i Noreg, noko som er 7,3 prosent fleire enn i tilsvarande månad i 2024.

Så langt i år er det selt 48.133 bustader i Noreg. Det er 15,6 prosent fleire enn i same periode i fjor.

I mai vart det lagt ut 15.982 bustader for sal i Noreg, noko som er 11,8 prosent fleire enn i same månad i 2024. I alt er det lagt ut 54.367 bustader for sal i år, noko som er 16,6 prosent meir enn same periode i fjor.

– Slik veksten i talet på omsetningar har utvikla seg både i mai og gjennom året tyder dette på at 2025 med god margin vil bli året med størst omsetning i den norske bruktmarknaden nokosinne, seier Lauridsen.

Ålesund og omland hadde den sterkaste sesongkorrigerte prisutviklinga i mai, med ein oppgang på 1,9 prosent. Svakast utvikling hadde Tønsberg med Færder og Fredrikstad/Sarpsborg, som begge hadde ein nedgang på 1,5 prosent.

Færre unge treng hjelp

Oppgangen og rekordomsetninga kjem mellom anna etter at kravet til eigenkapital for bustadlån vart senka frå 15 til 10 prosent.

Odd Hultmann, direktør for personmarknad i Nordea, seier at dei opplever stor pågang på finansieringsbevis, og at talet på lånesøknader i mai var 8,5 prosent høgare enn mai i fjor.

– Vi ser ein nedgang i andelen unge kundar som treng hjelp frå foreldre for eit bustadkjøp, samanlikna med same tid i fjor. Dette heng saman med endringa av bustadlånsforskrifta frå nyttår som har gitt meir kjøpekraft for førstegongskjøparar. Unntaket er Oslo, der framleis mange unge treng hjelp frå foreldre grunna svært høge bustadprisar, seier han.

Nordea trur at bustadprisane kan komme til å falle med rundt 2 prosent i løpet av hausten, men at prisane kan auke dersom Noregs Bank kuttar renta.

– Prisutviklinga den siste tida er svakare enn Noregs Bank har lagt til grunn og kan bidra til ein lågare rentebane, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i SpareBank 1 Sør-Noreg.

Forbigåande situasjon

Administrerande direktør Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund, seier at ei særnorsk høg rente bidreg til låg bustadbygging og omfattande nedsal av private og profesjonelle leigebustader.

– Dette gir svært høg aktivitet i marknaden for brukte bustader, med historisk høge omsetningstal og ei tilbodsside som bremsar prisveksten. Med denne utviklinga er faktisk bustadmarknaden meir tilgjengeleg enn leigemarknaden, seier han.

Han meiner situasjonen er forbigåande, ettersom tilførselen av nybygde bustader er fallande og nedsalet av leigebustader etter kvart vil minke.

Powered by Labrador CMS