nyhende
Ny nedgang i talet på heilt arbeidsledige
I april registrerer NAV i region Sunnhordland 1,0 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 19 personar i høve månaden før, og 101 færre enn same månad i fjor.
I Sveio var talet på heilt arbeidsledige 26 personar i april mot 29 i mars. Omsett i prosent utgjer det ein nedgang på 0,1 prosent frå 1 prosent heilt ledige i mars til 0,9 prosent i april.
I Sunnhordlanderdet i aprillågast arbeidsløyse i Fitjar (0,6 prosent),medan den er høgast i Bømlo (1,1 prosent). Snittet for heile Sunnhordland er på éin prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland(1,7 prosent)og landet(1,8 prosent).
Veldig låg arbeidsløyse
— Arbeidsløysa er veldig låg, og også talet langtidsledige minkar. Berre 36 prosent av dei ledige hamnar i denne gruppa no, mot 60 prosent på same tid i fjor, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
I april var det 377 ledige stillingar registrert hos NAV, trass i få teljedagar i april månad grunna påska. Flest stillingar var det i helse-, pleie– og omsorgsyrka (163) og undervisning (44), skriv NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.
Kan koma til å slita
NAV lanserte sist veke omverdsanalysen sin. Denne peiker på trendar mot 2035 som vil kunna påverka NAV, men også samfunnet generelt. Ein av trendane som analysen peiker på er endringa i alderssamansetting, både i Noreg og land der me ofte får arbeidsinnvandrarar frå. NAV meiner Noreg kan koma til å slita, då ein ventar det vert vanskelegare å tiltrekka seg utanlandsk arbeidskraft i framtida.
— Held denne trenden fram, trur me særleg vår region vil bli råka. Både leverandørindustrien, men også helse- og omsorgssektoren, hentar arbeidsinnvandrarar frå til dømes Aust-Europa og nabolanda våre. Ei slik utvikling vil likevel kunna tala for betre føresetnadar for inkludering av dei som i dag står utanfor arbeidslivet, seier Lægreid.
Blir viktigare å halda på sine tilsette
9. mai inviterer NAV til arrangementet «Eit utvida arbeidsmarknadsperspektiv» i Stord kulturhus.
— Me kjem til å presentere lokale funn frå bedriftsundersøkinga til NAV. Samstundes er det behov for å sjå på den lokale arbeidsmarknaden i eit utvida perspektiv. Mellom anna med omsyn til det omverdsanalysen peiker på. Det blir berre viktigare å både halda på sine tilsette og å sikra at ein har god tilgang på nye. Dette kan me hjelpa med. Me er glade for dei mange gode samarbeida me allereie har med arbeidsgjevarar i regionen, og trur lokalsamfunna er avhengig av desse og enda fleire i framtida, seier Lægreid.