nyhende
Ny møteplass for unge i Sveio: — Me såg at det var behov for ein stad å henge etter skulen.
Eit fritidstilbod for skulebarn i mellomtrinnet starta opp frå nyttår. Så langt har det vore ein stor suksess med ei god deltaking. — Det er kjempegøy, du kan ha noko gøy å gjere på og vere med venar, seier Vilja Maria Brynjelsen (10).
— Me skal ut og sparkesykla, seier William Vierdal (10) og William Katla (10)
— Så kjekt, hugs hjelm, svarar Elisabeth Nilsen Staupe, koordinator ved Frivilligsentralen.
Onsdag var ein av dagane som ho heldt open for Frivilligsentralen sitt nye tilbod, den såkalla Møteplassen. Skulebarn på mellomtrinnet og eldre kan kome til Sambrukshuset og ha ein stad å vere. Det er noko dei har mangla ifølgje Staupe.
— Dei hadde ikkje noko tilbod, og me såg at det var behov for ein stad å henge etter skulen, seier ho.
Nytt tilbod for barna
Tilbodet byrja etter nyttår og haldast no tre gongar i veka. Staupe vart sjølv tilsett i fjor haust for å opprette eit slikt tilbod, og ho er nøgd med å ha kome i gang.
— På det meste har det vore 20 stykkar her, og me har fått tilbakemeldingar som «yes, det er opent!», seier ho.
Møteplassen har også ein samlande funksjon, då ein til dømes kvar onsdag serverer mat. Og barna kan få vere med.
— Dei likar å få vere med å lage mat, seier Staupe.
Populære aktivitetar
Møteplassen er vegg i vegg med Skattkammeret, ei gratis utlånsordning av leikar og utstyr som Frivilligsentralen driv. Når møteplassen held opent kan barna difor låne fritt til lek og moro i opningstida. Staupe fortel at borna har vist seg verdt tilliten, og at dei alltid set ting på plass igjen.
Men, borna har også mykje som dei kan gjere innandørs.
— Me ser at PlayStation og Airhockey er dei mest populære aktivitetane utanom Skattkammeret, seier ho.
Staupe fekk sjølv prøve seg på Playstation, med ein såkalla virtuell verkelegheitshjelm som dekkjer heile hovudet. Hennar tre guidar til spelverda var 10-åringene Vilja Maria Brynjelsen, Dani Lukas Parsons Grunnvåg og Kristine Øvretveit Bakke. I spelet var Staupe eit Loch Ness-liknande monster som skal ta ein liten person, spelt av Vilja. Monsteret følgjer rørslene til hjelmen på Staupe, og raskt byrja ho å svinge rundt med hovudet i jakta på sin motspelar.
Men, erfaring slo alder og Brynjelsen kom sigrande ut.
— No tapte du, seier Vilja og Dani.
— Var ho flink?
— Nei, eg er flinkare enn ho, spøkar Dani.
— Eg treng å øva, humrar Staupe.
— Kjempegøy her
Barna fortel at dei trivst alle saman, og er nøgd med å ha eit slikt tilbod etter skulen.
— Eg synest det er veldig kjekt og gøy, seier Kristine.
Hennar favoritt er AirHockey-spelet, men i dag prøver ho å lage armband for første gong.
— Det er bra, dei har mellom anna Playstation her, seier Dani.
— Det er kjempegøy her. Du kan vere her og ha noko gøy å gjere på, og vere med venar, seier Vilja.
Dei to William’ene kom inn igjen frå sparkesyklane ein kort stund. Dei var samde med dei andre barna.
— Ja, eg likar meg her, seier William Katla.
— Det er ganske kjekt, eg likar det. Eg har lært meg å hoppe på sparkesykkel i skateparken i år, seier William Vierdal.
Treng frivillige
Møteplassen er noko Staupe og Frivilligsentralen ynskjer å halde fram med. For tida ser dei etter fleire vaksne som kan vere med.
— Me er avhengige av frivillige for å halde på tilbodet, og treng fleire, seier Staupe.
Å ha starta ein møteplass for barn etter skulen, trur ho kan vere viktig for dei unge i dag.
— Veldig kjekt at me har fått det til. Og då slepp dei å henge på butikken i sentrum, og kan vere ein stad der det er vaksne, seier ho.