nyhende
Ny måling avslører auka EU-skepsis blant unge i Vestland
Unge veljarar i Vestland viser seg å vere meir skeptiske til norsk EU-medlemskap enn eldre aldersgrupper, ifølgje ei ny Norstat-måling.
Undersøkinga viser at blant veljarar under 30 år i Hordaland og Sogn og Fjordane er det ein mindre prosentdel som seier ja til EU-medlemskap samanlikna med eldre veljargrupper, fortel NRK.
I Hordaland svarer berre 22 prosent av dei under 30 år at dei ville ha røysta ja til EU, medan det totale ja-talet for regionen ligg på 33 prosent. I Sogn og Fjordane er tala endå lågare, med 20 prosent ja-stemmer blant dei yngste veljarane og 25 prosent av alle i det tidlegare fylket.
Åsta Dyrnes Nordø, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, meiner at unge dannar meiningane sine basert på dagens situasjon og nyheitsbiletet. Ho påpeikar at ei uroleg verd påverkar haldningane til EU blant dei unge.
– Dei unge no opplevde ikkje den førre EU-debatten. Og sidan då, har det vore lite fokus på EU som politisk sak, seier Dyrnes Nordø til NRK.