nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft er svært nøgd med tilsetjinga.
Kommunalsjef Ingunn Toft er svært nøgd med tilsetjinga.

Ny lege tilsett i Førde

Kommunalsjef for helse og omsorg Ingunn Toft har ei gladmelding før jul. Dei har funne ein erstattar til fastlegen i Førde som sluttar neste år.

Publisert Sist oppdatert

I byrjinga av november kom nyheita om at nok ein kommunal lege skal slutta i stillinga si. Oppseiingstida går ut i februar 2024, så kommunalsjef for helse og omsorg Ingunn Toft har i den tida jobba aktivt med å finna ein erstattar.

https://vestavind-sveio.no/2023/11/02/enda-ein-kommunal-lege-sluttar/

No kjem ho med ei gladmelding.

– Me har tilsett ei som ny kommunal fastlege ved Førde legekontor, skriv Toft i ein sms.

Den nye legen vil byrja den 4. mars, som betyr at vakansen berre vil vera på ein månad. Tidlegare har Toft sagt at å leige inn legar kan kosta opp mot 100 000 kroner månadleg.

Powered by Labrador CMS