nyhende

Ho kjem frå Karmøy, bur i Haugesund og har slekt i frå Sveio. 4. mars byrjar ho som ny lege i Førde.
Ho kjem frå Karmøy, bur i Haugesund og har slekt i frå Sveio. 4. mars byrjar ho som ny lege i Førde.

Ny lege i Førde: – Bestefar er frå Bua

Den nye fastlegen i Førde er ung, nyutdanna og har eit godt forhold til Sveio. Karmøybuen Solveig Maria Callaghan gler seg til å få eigne pasientar.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har alltid hatt lyst til å bli fastlege og allmennlege, og så opna det seg ei mogelegheit i Sveio, seier Solveig Maria Callaghan.

Karmøybuen gler seg til å byrja ved Førde legekontor den 4. mars neste år. Ho vaks opp på Vormedal og bur no i Haugesund, men Sveio kommune er ikkje ukjend for ho.

– Me har hytte i Buavåg, og bestefaren min kjem der i frå, seier Callaghan.

Ser fram til eigne pasientar

Ho hadde andre tilbod om tilsetjingar, men valet fall på kommunen «midt i leio». Callaghan fortel at ho har høyrt mykje bra om legekontoret i Førde, og opplevde tilsetjinga som ei hyggeleg affære.

– Dei var veldig imøtekomande, og det heile var veldig positivt, seier ho.

Allereie har ho vore i turnus i eit og eit halvt år. Det første året var på sjukehuset og det siste halvåret på Norheim legesenter. Det har vore triveleg. Men ekstra kjekt vert det å koma på plass i Førdebygda.

– Eg ser fram til å ha eigne pasientar, seier ho.

Utdanna i Ungarn

Callaghan tok legeutdanninga si i Ungarn i byen Pécs og var ferdig der i 2022. Utdanninga hugsar ho som ein fin og travel tid.

– Eg treivst veldig godt. Det er eit hardt studie, men eg hadde det fint, seier ho.

No er det berre litt over to og ein halv månad att til ho byrjar i jobben, noko ho gler seg til.

– Kva kan du fortelja om deg sjølv utanom jobb?

– Eg er ganske blid og omgjengeleg. Eg har ein hund som eg likar å gå tur med, og eg bur med sambuaren min som er lege på sjukehuset. Elles likar eg å nytta meg av dei kulturelle tilboda på Haugalandet. Og viss nokon lurer. så er eg halvt engelsk, og derav etternamnet Callaghan, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS