nyhende

Lystgass. Frå venstre: Ragnar Enge (vokalist), Vidar Vikse (gitarist), Glenn Rand (bass), Brian Lie (gitarist), Tore Knutsen (trommer). FOTO: VIDAR VIKSE
Lystgass. Frå venstre: Ragnar Enge (vokalist), Vidar Vikse (gitarist), Glenn Rand (bass), Brian Lie (gitarist), Tore Knutsen (trommer).

Ny låt frå Lystgass: — Ei kjærleikserklæring til mora di

Det lokale bandet Lystgass har sleppt ein rykande fersk singel om det å vera drøymande tenåringsgut.

Publisert Sist oppdatert

«Morå di var den eg ville se! Morå di drømte eg om!» syng den lokale musikkgruppa i låten dei døypte «Morå di».

Ungdomstida

— I songen spolar me attende til ungdomstida, der gutane ser på den flotte mora til kompisen sin. Eg-et i teksten er ein ungdom som kjem til kameraten sin for å få eit glimt av mora hans, seier sveibuen og el-gitaristen Brian Lie.

Han forklarer at låten tematiserer hormontida og er ei harmlaus kjærleikserklæring til «morå di».

— Som ung gut er det mange kjensler i omlaup. Eg-et i låten har gjerne kome i røysteskiftet og fått litt kviser, seier Lie.

Skal ha konsert

Brian Lie skildrar «Morå di» som ein kombinasjon av pop og rock.

— Dette er kanskje den «hardaste» låten me har gjeve ut så langt. Me ynskjer at musikken vår skal vera enkel å lyda til, og at folk skal kunna vera med på allsong, hoppa, dansa og ha det kjekt, seier Lie.

Den lystgassen bandet representerer, er ufarleg og skal få folk i godt humør, fortel han vidare.

Under kulturfestivalen i Valestrand i mai kan du få ein større smakebit på musikken til Lystgass. På laurdagen skal dei nemleg ha storstilt konsert.

Dei planlegg òg å gjennomføra fleire konsertar utover sumaren.

— Høyr på mora di

Det kan vera vanskeleg å vita kor ein skal byrja når ein lagar musikk, men Lystgass har funne ein strategi som har vore særs vellukka til no.

— Me lagar sjølve melodien fyrst. Så kjenner me litt på stemninga melodien gjev oss, og deretter byggjer me på med den teksten me synest passar. Når melodien er på plass, byrjar orda å trilla, seier Lie og avsluttar med følgjande utsegn:

— Det er viktig å høyra på mora di.

Høyr utdrag av låten her:

Powered by Labrador CMS