nyhende
Ny kunstnar til Galleri Ryvarden
Søndag opnar ei utstilling med kunstnaren Sigurd Søreide i Galleri Ryvarden.
30Fram til 9. oktober skal Søreide sine oljemaleri, akryl og grafiske trykk pryda veggene i galleriet, skriv kulturhusvaktar Gunn Bente Håvardsholm i ei pressemelding.
Sigurd Søreide er fødd i 1951. Han deltok på den første utstilling si for 50 år sidan, og har seinare vore aktiv. Søreide har formingsutdanning og har gått fleire kurs og malt saman med Øivind Sand.
Vestlandsnaturen er inspirasjonskjelde for Søreide, og motiva hans er prega av dette. Uttrykket hans skifta frå abstrakt til meir figurativt.
— Me gler oss stort og ser det som ei ære for Galleri Ryvarden å få presentera Sigurd Søreide si utstilling i hans 50. år som kunstnar, skriv Håvardsholm i pressemeldinga.